fredag 28. januar 2011

Ei kjekk oppmuntring

No er det jammen ei stund sidan eg skreiv noko her inne på bloggen… Mesteparten av januar har gått med til å vere sjuk og å kome seg til att etter å ha vore sjuk. Ser ut til at eg har fått alt som har passert på min veg.. Trur nok hardkøyret før jul har spelt ei rolle i det heile. Eg må nok jekke meg ned nokre hakk, i forhold til alt eg har lyst å gjere. Dessverre…

Men forrige veke fekk eg ei kjekk overrasking i posten som fekk det til å rykke i syfingrane igjen :)

Ei herleg dame uta Godøya sende meg ein fantastisk pakke full av dei finaste retrostoff ♥ Tenk å vere so snill!

Eg gleder meg verkeleg til å lage nye ting av desse fine stoffa! Nylig oppdatert22

Nylig oppdatert21

Tusen takk Herdis ♥

God helg til alle!

lørdag 1. januar 2011

Godt nytt år til alle de som er innom her! Eg set utruleg pris på alle dei nydelige kommentarane de legg igjen ♥ Tusen tusen takk!

Eg rakk aldri å vise fram alle dei bileta eg var tenkt å vise fram no i romjula, så eg tenkjer eg gjer det no eg :)

Nylig oppdatert3

Englane som Gry Nerland har laga. Gry er keramikar, men ein ser at ho er flink til det meste :)

Nylig oppdatert6

Hjarter som nyleg har kome i hus. Det rosa med bilde av ei lita jente har Kirsti Teigen Lillebostad laga. Glashjarte laga av Lillian Hoff. Strikkahjarte laga av Bjørg Hofset. Hjartet med juletre har du kanskje sett før, det er laga av Haust.

Nylig oppdatert8

Desse fuglane og hjarta i keramikk køpte eg på Etsy før jul. Desse er laga av PrinceDesignUK.

Nylig oppdatert9

Engelen fekk eg av ei skjønn veninne for nokre år tilbake. Utruleg fin ♥

Den fine krukka fekk eg av mi kjære syster til jul. Den er laga av Keramikar Eve Lis Eikrem frå Ørsta.

Nylig oppdatert11

Denne skjønne Julepynten fekk eg i julegåve av ei god veninne i fjor. Fantastisk fine ♥

Nylig oppdatert13

Eg synest den heimelaga pakkelappen Alma fekk av syskenbarnet sitt var utruleg fin! ♥ To artige lavendelposar, og ellers meir av den fine julepynten du såg på biletet over.

Nylig oppdatert16

Desse fine hårstrekka kjøpte eg til Alma av Handmade Vibeke no før jul.

Nylig oppdatert18

Ferdigpynta pakkar som vi gav vekk til Jul :)

Nylig oppdatert19

Desse nydelige hjarta kjøpte eg i butikken LIGHTYEAR på Epla no før Jul. Utruleg delikate og fine ♥

Lykke til i det nye året alle saman ♥