mandag 21. juni 2010

almaPalma i ROM 123



  Eg må sei eg føler meg utruleg heldig! Det var nesten så eg ikkje kunne tru det då Cecilie (ei veninne av meg, som også sel det ho lagar på Krukkehuset ) tipsa meg om at bloggen min var nevnt i siste ROM 123!!
Utruleg kjekt.:)
Eg kjenner at det gir meg ny energi og pågangsmot i ein ellers travel kvardag.:)
Tenk at nokon legg merke til vesle meg...♥

lørdag 19. juni 2010

Sommarenglar


Englane har omtrent flaksa ut av vindauga her.. Denne gjengen bur no i Fosnavågen.:)
Dei nederste er framleis i bygda, men har flytta litt lengre opp i fjellsida.
Kjekt at de likar det eg lagar ♥
Resten av engleskaren vil nok dukke opp på Krukkehuset neste veke, og kanskje på Epla.

Ha ei fin helg alle saman.:)

tirsdag 15. juni 2010

Sommarenglar ♥


Englane eg har halde på med siste vekene. Snart ferdige.:)
Tenkte at nokre sommarenglar var på sin plass.

mandag 14. juni 2010

Min dag :)






I dag vakana eg av at tre og etterkvart fire(tenåringen) born hoppa opp i senga til meg med klemmar og muss for å gratulere meg med dagen♥ og kjære Georgen min sjølvsagt.:) For ein nydeleg morgon! Når sant skal seiast er det no slik dei fleste morgonar startar her hjå oss, iallefall nesten..., men ekstra stas var det no i dag.:)
Eg må også vise den nydelege gåva eg fekk av mi kjære vennine i Oslo. Innpakninga var skjønn♥ og innhaldet ei nydeleg bok. Den skal eg spare til ein dag eg har tid til å kose meg og nyte!
Må også vise dei fine kinesiske plastskoa eg fekk av ei anna veninne. Utruleg praktiske i denne delen av landet. Gode å gå i er dei også!

Håper alle der ute får ein strålande dag!
Kjenner på meg at min kjem til å fortsette å vere bra.:)

søndag 13. juni 2010

Gi-bort hjå Pias verden


Pias verden har passert 100000 besøkande og feirer med gi-bort!
Flotte premiar.:)

mandag 7. juni 2010

Sommarkjole


Tenkte eg skulle vise kva eg har styrt med i
det siste. Eller ein av tinga eg har styrt med..
Eg har laga ein sommarkjole. Eg vart fornøgd
med resultatet, men ser at den må teiknast om
litt. Så eg skal jobbe litt med det framover. Det
tek litt tid. Vi held på å grave rundt huset, noko
som medfører mykje hagearbeid og klesvask!!
Her er tre hjelparar som elskar å grave i molda
saman med mamma og pappa..

Eg er i allefall i gang med symaskina igjen. :)