No er eg endelig i gang med å sy igjen. Har hatt meg
ein lang pause frå symaskina etter jul.. Det har vorte meir
toving og strikking i det siste.
I dag såg desse hjarta dagens lys. Kanskje vert det fleire
før eg eg må vidare til andre gjeremål..


I dag gjer eg noko eg ikkje trudde eg kom til å gjere nokon gong. Eg har opretta min eigen blogg. Eg tenkte det kunne vere kjekt å vise andre noko av det eg driv med. Eg har lenge strikka, hekla og tova, men i det siste har eg teke fram symaskina igjen. Her er litt av resultatet.
Eg elskar dette stoffet som kjem frå tante Ruth sitt gamle putevar. Eg skulle ønske eg hadde metervis av det, men i verkelegheita har eg knapt ein halv...
Eg fall for dette bilstoffet med ein gong eg såg det. Perfekt for ei lita trulte.:)
Eg er sjølv veldig glad i å lage ting og driv no å syr forskjellig som eg sel på ein lokal butikk som heiter Krukkehuset.
Eg har tidlegare strikka og hekla ein del. Eg driv med toving og er elles glad i å lage det meste.
Velkomen hit til meg! Eg er 35 år gamal og mor til 4 nydelege born; Maria, Per, Knut og Alma. Eg er veldig glad i å lage ting , og gjer det so ofte eg kan.
Ynskjer at døgnet hadde fleire timar....
Takk for at du kikar innom!