Denne helga skal eg vere med på motevisning på Bjørke, saman med ein gjeng flotte og flinke damer. Det er det erverdige Bakketunet på Bjørke som er staden det skjer. I høve kulturminnedagen har Marita Bett Jensen teke initiativ og invitert oss til å ta del. Ho har verkeleg gjort ein kjempejobb for å få dette til å bli ein realitet. Vi vil vise fram kjolar for vaksne og born og i tillegg vil kufjøs, stabbur og kammers verte nytta som utstillingsarena og sal av handverksprodukta vi lagar. Dei som skal vere med er: Elin Grethe Haddal (Lappelina), Monica Skare (Mo9ca Design), Cathrine Yksnøy (CatY), Sølvi Myklebust (Fru My), Wenche Haddal, Ann Kristin Amdam og eg (almaPalma).
Det vert servert brennsnut med flatbrød for dei som vert svoltne. Riding vert det for både store og små. Ellers vert det loppemarknad og auksjon på nabogarden der Mork antikk held hus. Eg oppmodar alle til å ta turen til Bjørke søndag.
No må eg sy vidare….
God helg alle saman!


