Denne kjolen vart bestilt av ei veninne, som ville ha ein spesiell kjole som ho skulle gi til systra si. Den skulle vere dus i fargane, og ha eit hundemotiv. Eg laga kjolen i kvit og naturfarga lin. Beina til hunden er i bomull. Øyrene stammar frå eit gamalt dynetrekk. Navnet gav veninna mi kjolen, då ho såg hunden for fyrste gong og kalla han Labbe Petter..
søndag 18. oktober 2009
Labbe-petter
Denne kjolen vart bestilt av ei veninne, som ville ha ein spesiell kjole som ho skulle gi til systra si. Den skulle vere dus i fargane, og ha eit hundemotiv. Eg laga kjolen i kvit og naturfarga lin. Beina til hunden er i bomull. Øyrene stammar frå eit gamalt dynetrekk. Navnet gav veninna mi kjolen, då ho såg hunden for fyrste gong og kalla han Labbe Petter..
tirsdag 13. oktober 2009
lørdag 10. oktober 2009
Blomekrans
Eg kjøpte denne nydelege kransen i dag på
Krukkehuset. Blomane som heng på er av keramikk.
Den er laga av Gry Nerland, ei
flott dame som lagar dei finaste ting i keramikk.
Kransen passa perfekt på døra vår, og skal få
henge der og ta imot familie og vener.:)
fredag 9. oktober 2009
Nye kjolar
Eg fekk ein forespørsel for eit par veker sidan frå ei veninne.
Ho ville ha ein kjole til jenta si på 4 år. Ho valde ut stoff som
ho likte og eg laga to kjolar av dei. Her er
resultatet. Ho valde den rosa, so då vert den
grøne/brune lagt ut for salg snart. Takk for
inspirasjon Kristin! Soppkjolen vart også vurdert,
derfor fekk den vere med på biletet.:)
tirsdag 6. oktober 2009
Skjørt
Eg har eit skjørt frå då eg var lita med bukse under. Synest det var ein utruleg fin ide og har prøvd å overføre den til dette skjørtet. Kjekt at skjørtet ikkje havnar opp under armane. Synest dette vart veldig bra. Må berre justere litt på strekka. Det vart litt vidt både i beina og rundt livet..
fredag 2. oktober 2009
Nåler
Eg har lenge tenkt på kva eg skulle gjere med
alle stoffrestane som eg samlar på.. Er dei større
enn ei flis har eg ikkje hjarte til å kaste dei.
Så kom eg på at nokre av dei kunne bli nåler.
Her er nokre av dei og fleire er undervegs.
fredag 18. september 2009
onsdag 16. september 2009
mandag 14. september 2009
fredag 11. september 2009
Ny kjole
Alma i ny kjole rett frå symaskina.
Eg er veldig glad i det fine sengetrekket
som mamma gav til meg. No skal det
bli mykje fint av det.
torsdag 10. september 2009
Smykker frå Amerika
Her er nokre av dei smykka eg kjøpte frå USA.
Dei er laga av ei scrabble-brikke. Desse har eg planar
om å legge ut på bloggbutikken min etterkvart.
Men fyrst må no eg få den i gang..

Dei er laga av ei scrabble-brikke. Desse har eg planar
om å legge ut på bloggbutikken min etterkvart.
Men fyrst må no eg få den i gang..
mandag 7. september 2009
Loppemarknad
Her er godbitane eg fann i Volda i helga.

Eg fann ikkje det eg eigentleg såg etter,
gamle sengeklede med mønster.
Veit ikkje heilt kvar eg skal få tak i slikt.
Men litt anna kjekt var der i allefall.:)
Om nokon har gamle sengeklede liggande
som dei ikke bruker, so tek eg gjerne imot.
Det gjer ikkje noko om det er slete.
Delar av det kan sikkert brukast likevel.
Eg fann ikkje det eg eigentleg såg etter,
gamle sengeklede med mønster.
Veit ikkje heilt kvar eg skal få tak i slikt.
Men litt anna kjekt var der i allefall.:)
Om nokon har gamle sengeklede liggande
som dei ikke bruker, so tek eg gjerne imot.
Det gjer ikkje noko om det er slete.
Delar av det kan sikkert brukast likevel.
fredag 4. september 2009
mandag 31. august 2009
Knappar
Tonje gav meg tilgang til mora sitt knappeskrin frå 70-talet. Det var utruleg snillt av deg! Tusen takk!
Her er det eg plukka ut. Mange flotte knappar!

Eg elskar knappar så her kosa eg meg skikkeleg!
Her er det eg plukka ut. Mange flotte knappar!
Eg elskar knappar så her kosa eg meg skikkeleg!
mandag 24. august 2009
Fleire kjolar
Her er litt fleire av kjolane eg har laga. Det har vorte litt dei siste vekene og meir er undervegs. Eg har hovudet fullt av idear som vil ut.:) Den som hadde hatt litt meir tid..

Vendbar forklekjole som er laga av ei
raud fløyelsskjorte frå ungdomstida
mi og ein gamal ruta duk
Gulruta kjole med grønt favorittstoff
på armane. Der grøne stoffer kjem
frå tante Ruth sine gamle putevar.
Eit heilt nydeleg stoff!
Det grønruta stoffet fann eg på loftet
til mamma og pappa. Mamma er
til mamma og pappa. Mamma er
tidlegare sydame og har sikkert hatt
planar for det ein gong. Systera mi
synest det minte henne om forkleda
frå heimkunnskapen.. Eg synest det
vart veldig fint saman med det nye
raude stoffet eg fann.
Bilkjolen trur eg kjem til å passe veldig
fint til ei lita trulte.
Soppkjole. Ein av mine haustfavorittar.
Detalj frå soppkjolen.
Den kvite forklekjolen med lilla og blå blomster er laga
av eit gamalt dynetrekk eg fekk av tante Ruth.
raud fløyelsskjorte frå ungdomstida
mi og ein gamal ruta duk
søndag 23. august 2009
Erteposar
Høne pøne
Ein ting eg har lagamykje av er høner. Eg trur det må vere hundrevis etterkvart. Høner som kan brukast til eggevarmarar eller berre til pynt.
Her er ei lita hønefamilie.
Her er ei lita hønefamilie.
Min fyrste blogg
I dag gjer eg noko eg ikkje trudde eg kom til å gjere nokon gong. Eg har opretta min eigen blogg. Eg tenkte det kunne vere kjekt å vise andre noko av det eg driv med. Eg har lenge strikka, hekla og tova, men i det siste har eg teke fram symaskina igjen. Her er litt av resultatet.
Eg elskar dette stoffet som kjem frå tante Ruth sitt gamle putevar. Eg skulle ønske eg hadde metervis av det, men i verkelegheita har eg knapt ein halv...
Eg fall for dette bilstoffet med ein gong eg såg det. Perfekt for ei lita trulte.:)
Hei her er eg
Hei!
I dag har eg starta min fyrste blogg. Eg har lenge beundra alle dei fine bloggane som finst på nett, men trudde vel aldri at eg skulle ha ein sjølv.
Eg er sjølv veldig glad i å lage ting og driv no å syr forskjellig som eg sel på ein lokal butikk som heiter Krukkehuset.
Eg har tidlegare strikka og hekla ein del. Eg driv med toving og er elles glad i å lage det meste.
Abonner på:
Innlegg (Atom)