mandag 21. juni 2010

almaPalma i ROM 123



  Eg må sei eg føler meg utruleg heldig! Det var nesten så eg ikkje kunne tru det då Cecilie (ei veninne av meg, som også sel det ho lagar på Krukkehuset ) tipsa meg om at bloggen min var nevnt i siste ROM 123!!
Utruleg kjekt.:)
Eg kjenner at det gir meg ny energi og pågangsmot i ein ellers travel kvardag.:)
Tenk at nokon legg merke til vesle meg...♥

lørdag 19. juni 2010

Sommarenglar


Englane har omtrent flaksa ut av vindauga her.. Denne gjengen bur no i Fosnavågen.:)
Dei nederste er framleis i bygda, men har flytta litt lengre opp i fjellsida.
Kjekt at de likar det eg lagar ♥
Resten av engleskaren vil nok dukke opp på Krukkehuset neste veke, og kanskje på Epla.

Ha ei fin helg alle saman.:)

tirsdag 15. juni 2010

Sommarenglar ♥


Englane eg har halde på med siste vekene. Snart ferdige.:)
Tenkte at nokre sommarenglar var på sin plass.

mandag 14. juni 2010

Min dag :)






I dag vakana eg av at tre og etterkvart fire(tenåringen) born hoppa opp i senga til meg med klemmar og muss for å gratulere meg med dagen♥ og kjære Georgen min sjølvsagt.:) For ein nydeleg morgon! Når sant skal seiast er det no slik dei fleste morgonar startar her hjå oss, iallefall nesten..., men ekstra stas var det no i dag.:)
Eg må også vise den nydelege gåva eg fekk av mi kjære vennine i Oslo. Innpakninga var skjønn♥ og innhaldet ei nydeleg bok. Den skal eg spare til ein dag eg har tid til å kose meg og nyte!
Må også vise dei fine kinesiske plastskoa eg fekk av ei anna veninne. Utruleg praktiske i denne delen av landet. Gode å gå i er dei også!

Håper alle der ute får ein strålande dag!
Kjenner på meg at min kjem til å fortsette å vere bra.:)

søndag 13. juni 2010

Gi-bort hjå Pias verden


Pias verden har passert 100000 besøkande og feirer med gi-bort!
Flotte premiar.:)

mandag 7. juni 2010

Sommarkjole


Tenkte eg skulle vise kva eg har styrt med i
det siste. Eller ein av tinga eg har styrt med..
Eg har laga ein sommarkjole. Eg vart fornøgd
med resultatet, men ser at den må teiknast om
litt. Så eg skal jobbe litt med det framover. Det
tek litt tid. Vi held på å grave rundt huset, noko
som medfører mykje hagearbeid og klesvask!!
Her er tre hjelparar som elskar å grave i molda
saman med mamma og pappa..

Eg er i allefall i gang med symaskina igjen. :)

onsdag 26. mai 2010

Måleri




I det siste har det vorte lite tid framfor symaskina.
Eg har kjent på at eg har hatt behov for å gjere noko anna..
Då eg tok grunnfag i Kunst og Handverk i Volda hadde eg
ein fantastisk lærar i teikning (vi mala for det meste, det
er i allefall det eg hugsar..). Ho heitte Bodil Wiegaard og eg
hugsar korleis ho inspirerte og oppmuntra oss elevane.

Eg har sidan, i periodar, hatt behov for å leite fram malesakene.
Denne gangen var det faktisk ei veninne av meg som gjorde
at eg byrja male. Ho ville ha eit bilete over sofaen og ho
utfordra meg til å male det. Eg angra litt undervegs, det
er ikkje så lett å lage maleri på bestilling. Men utfallet vart
bra, både ho og eg vart fornøgde. Dette gav meg litt sjølvtillit,
så eg mala nokre bileter til utstillinga som åpnar på
Krukkehuset i dag også.:)

fredag 21. mai 2010

17. mai




Maria mi ♥
Stillte sporty opp på fotoseansen vi hadde på Flø!

















 Per klar for dagens fyrste is...

Deilige kaker og lukkelege born
-kva meir kan ein ynskje seg....

lørdag 8. mai 2010

Nåler ♥




Denne veka har eg laga eindel nye nåler. Dei er ikkje ferdige enda, men når eg får helga på meg reknar eg med at eg kjem i mål.
Ein liten smakebit får du her.:)

God helg alle saman!

fredag 30. april 2010

Ferdig pynta.:)


Bordkort
Hovudpersonen sin plass.:)
Bilen full av kirsebærblomar
Hakallegarden er verkeleg ein
nydeleg stad å halde selskap!
No gledar vi oss til morgondagen.:)

fredag 23. april 2010

Du og du kor tida går...




Det vert gjort lite av det kreative no om dagen.. Storejenta mi Maria, som eingong var lisjejenta mi, er konfirmant neste helg. Det er nesten ikkje til å tru! Så no går det for det meste i bildesortering og planlegging av borddekking.
Eg kjem sterkare tilbake her etterkvart. Eg reknar med at symaskina kjem fram igjen etter neste helg. Kjenner at lysta og ideane pressar på..:)


fredag 16. april 2010

Krukkehuset

I dag har Alma og eg vore ein tur på Krukkehuset.
Vi tenkte vi skulle dele litt av opplevelsen med alle som
ikkje berre kan ta ein sving innom...





















Alma i skoa sine frå Rileyroos, som du får kjøpt
på Krukkehuset, eller her i bloggbutikken min.
Kåpa og kragen er det farmor (Marithøna) som har laga,
og klemma får du kjøpt på Krukkehuset eller på Hakallegarden.





















Farmor og Alma leikar med snurrebassar. Farmor
har nydelege alpakkaklede på seg, som du får kjøpt
på Krukkehuset eller på Hakallegarden.















Alma er utruleg glad i koppane frå Rice.:)



 





















Nålene mine saman med klede frå Hjertelig og Krukkehusbutikken.  Halsen har Marithøna hekla og strikka. Nålene får du kjøpt i bloggbutikken min.
























Ein av englane mine. 
Du finn den både i epla butikken min og her i bloggbutikken min. 






















almaPalma-kjole ♥ 
og under her finn du eit par englevingar eg har laga.








































Tovaskål som eg sel på epla, i bloggbutikken og på Krukkehuset.























Tovahøne eller eggevarmar om du vil.






















Tilslutt nokre av vårfuglane mine.
Eg håper våren er her snart igjen...

Vel, det vart vel kanskje litt mykje om meg sjølv
dette her..  Meir det enn ei oppleving av Krukkehuset..

God helg til alle ♥