Eg vert veldig inspirert av å sjå kva andre lagar. Det kan vere fargekombinasjonar, eller andre samansetningar som eg berre fell for.. Av og til klarer eg ikkje berre å la det bli med å sanke inspirasjon, av og til må eg berre ha det eg ser.
I løpet av dei siste månadane har eg fått pakkepost frå fjern og nær. Kanskje litt for å trøyste meg sjølv, sidan eg ikkje har følt meg så kreativ i det siste…
Dette vakre smykket kjøpte eg på Epla i butikken Monsterblomster.
…fekk eg dette herlege smykket frå Etsy butikken ManoCelebrates. Eg er så fornøgd at eg nettopp har bestilt eit smykke til der…
Dette fine sjalet har eg og kjøpt på Etsy i butikken topherco. Det har eg brukt mykje siste vekene og er superfornøgd!
Denne søte boksa til synåler har eg og kjøpt på Etsy, i butikken thesmallobject.
Siste kjøpet mitt, som enno ikkje er kome i hus, er denne artige epleklokka som eg kjøpte i Eplabutikken guro.
Det kan no sjå ut som eg ikkje gjer anna enn handlar på nett… Eg må opplyse om at dette har skjedd over eit lengre tidsrom!! ;)
Men eg trur kanskje det har vore ein viss terapi i dette her, for siste vekene har symaskina kome fram att og det har vorte laga både eine og hit… Veldig kjekt og godt langt inni sjela!
Ønsker alle ei finfin veke :)
Det er bare deilig når både innsiden og utsiden legger seg i de "riktige foldene" slik at kreativiteten får både inspirasjon og utløp!
SvarSlettHa ei fin og kreativ uke du også!
Beate
Vilket underbart knapphalsband! Och äppelklockan är ju också fantastisk.
SvarSlett