Viser innlegg med etiketten bursdag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bursdag. Vis alle innlegg

lørdag 21. august 2010

Hipp hurra!

IMG_0914 IMG_0908 I morgon fyller størsteguten 7 år og då ønska han seg sjølvsagt vimplar slik som lisjebror fekk for litt sidan då han fyllte år. Lisjebror elskar blått, og måtte ha mykje blått i si vimpelrekke. Storebror er veldig glad i grønt så vimpelrekka hans vart i hovudsak grøn.
Det er rart å sjå kor glade dei vert for det som eg har laga til dei! Det undrar meg eigentleg litt, men mest av alt gjer det meg utruleg glad!

torsdag 12. august 2010

Du og du kor tida går…

…no er Knut 4 år
hjarteleg til lukke.:)
IMG_0720
Dagen starta tradisjonen tru med muffins og gåve på senga.
IMG_0730 IMG_0727 IMG_0775 IMG_0752
Vimplar måtte vi ha.
IMG_0759
Kake!
IMG_0734 
IMG_0779
Og søte blomar fekk han av veninna til eldstejenta ♥

mandag 14. juni 2010

Min dag :)






I dag vakana eg av at tre og etterkvart fire(tenåringen) born hoppa opp i senga til meg med klemmar og muss for å gratulere meg med dagen♥ og kjære Georgen min sjølvsagt.:) For ein nydeleg morgon! Når sant skal seiast er det no slik dei fleste morgonar startar her hjå oss, iallefall nesten..., men ekstra stas var det no i dag.:)
Eg må også vise den nydelege gåva eg fekk av mi kjære vennine i Oslo. Innpakninga var skjønn♥ og innhaldet ei nydeleg bok. Den skal eg spare til ein dag eg har tid til å kose meg og nyte!
Må også vise dei fine kinesiske plastskoa eg fekk av ei anna veninne. Utruleg praktiske i denne delen av landet. Gode å gå i er dei også!

Håper alle der ute får ein strålande dag!
Kjenner på meg at min kjem til å fortsette å vere bra.:)