Hilde Iren (MONOme).Rett før ferien fekk eg desse nydelege smykka i posten.:) I tilleg til smykka eg hadde bestillt, fekk eg øyrepynt som passa til!
Gjett om eg er fornøgd! Tusen takk Hilde Iren.:)
På det nederste bildet ser du det Hilde Iren fekk frå meg.
(Koppen du ser på biletet er og eit resultat av ein byttehandel. Den er laga av Ingeborg Rørvik Lejon som driv Mekko i Volda. Eg fekk denne og ein kopp i turkis, tilbake fekk ho ei tovaveske. Men det byrjar bli ei stund sidan no...)
Eg ser at eg i løpet av ferien har passert 10 000 besøkande. Det er også omtrent eit år sidan eg starta her på bloggen min. Eg synest difor det er på tide med ein giveaway.:) Eg treng berre litt tid på meg fyrst..
Så hald augene opne i tida framover.:)
