torsdag 24. mars 2011

Salg i Eplabutikken

No får du englar og nåler til redusert pris i Eplabutikken min.

Salget vil vare i eit par veker, så løp og kjøp :)Nylig oppdatert33[2]

Nylig oppdatert23-1

God helg

søndag 13. mars 2011

Ein fin dag!

I dag har vi hatt ein nydeleg dag på Hakallegarden

 ♥ Vi feira dobbel bursdag for dei to flotte

damene der, gardakjeringa og odelstausa ♥

Vi var innom og helste på alle dyra og ein av minigrisane hadde fått to nydelege små grisungar! Det vart grilling av pylser m.m. i lavoen. Vi var nede på stranda og leika med båtar og teikna i sanden :)  Og sjølvsagt eit ekte sunnmørsk kaffislaberas til slutt!

Og gåver sjølvsagt! Eg har endeleg funne fram symaskina igjen og sydde odelstausa blyantetui og veske til å ha etui og tegneblokk oppi.

Nylig oppdatert29

Alma var så fornøgd med gåva vi skulle gi til syskenbarnet at ho helst ville ha den sjølv…

Eg måtte love å sy sameleis til henne før ho klarte å gi den frå seg for innpakking…Nylig oppdatert30

Eg må også vise fram dei fine tinga eg har handla i det siste! Desse fine pungane og penalet kjøpte eg hjå ZNdesign. Mykje fint i denne butikken, vel verdt å ta turen innom!

Nylig oppdatert31

Eg fall også pladask for desse eggehønene som eg kjøpte hjå Dottie.Nylig oppdatert32

Og då eg kom heim i kveld såg eg at eg var blant forelskelsane på framsida av Epla i dag ♥  Det er no alltid like kjekt! Tusen takk til Silje med butikken Stingeling!epla_12mars_2011

Tusen takk til alle som kikar innom her hjå meg! Og tusen takk for alle dei søte, fine og gode kommentarane! Eg har ikkje hatt det store overskuddet siste månadane og har difor ikkje klart å svare eller takke kvar enkelt av dykk.. Men de skal vite at eg set uendeleg stor pris på den gode tilbakemeldinga! Eg er så smått i gang igjen her, og håper at eg snart har nye og spanande ting å vise fram til dykk.:)

God helg vidare til alle som er innom ♥

søndag 6. mars 2011

MONOme

I dag var eg så heldig å få vere ein av Hilde Iren sine favorittar på Epla! Ho har bloggen MONOme og har eplabutikk med sama navn. Ho lagar dei nydelegaste smykker og eg er så heldig at eg eig opptil fleire av smykka ho har laga :)

epla_06mars_2011

Ha ein fin søndagskveld alle saman!

onsdag 2. mars 2011

Fru Svendsen

Biletet er henta frå “Det gode liv” si heimeside.

I dag skal eg ha med meg tinga mine til dette vakre gamle huset for å vise dei fram. Dette skal eg gjere saman med Cathrine Yksnøy (CatY) som syr fantastiske kjolar og skjørt i gjenbruksmaterialer.

IMG_2140

Nålene mine skal vere med, men eg tek også med englar, vimplar, puter, erteposar og barnekjolar.

Gleder meg ♥