mandag 27. desember 2010

Kjekke overraskingar ♥

Før jul var eg så heldig å vinne i 3 blogglotteri!! Eg har spøka litt med at eg eigentleg heller burde ha tippa lotto i denne perioden… Men når alt kjem til alt er eg veldig glad for at eg ikkje gjorde det.;) Når premiane begynte å dukke opp i postkassa vart eg berre så utruleg glad og følte meg veldig heldig ♥

Nylig oppdatert

Det nydelige tre-girlanderet vann eg hjå Sølvi som har bloggen En støvel og en sko. I tillegg til det fine girlanderet fekk eg denne fine julepynten laga av papir med heklekant rundt ♥ Tusen tusen takk Sølvi!

Nylig oppdatert2

Denne supersøte lilla veska vann eg på bloggen til Frk. Fjong. Den var berre utruleg fin, og eg var ikkje den einaste som synest det… Lisje Alma synest veska passa perfekt til henne og dei tinga ho til ei kvar tid treng å ha med seg hit og dit… Ho hadde veska med seg på besøk til Farmor, som er Fru Lilla i eigen person, og eg trur ho også godt kunne tenkt seg den veska!! Tusen tusen takk til Frk. Fjong ♥

Nylig oppdatert20

Det siste blogglotteriet eg vann var på bloggen Sheneligans. Der fekk eg velge meg ein av alle dei fine plakatane du finn i epla-butikken deira :) Valget fall på denne plakaten av solsystemet. Biletet er henta frå epla-butikken, eg har enno ikkje pakka ut plakaten, tenkte eg skulle ha ramma klar fyrst. Tusen tusen takk ♥

Nylig oppdatert17

Ellers tenkte eg at eg skulle vise fram eit bilete av den fantastiske lampen som eg var så heldig å snuble over på den lokale bruktbutikken!!! Den ser heit ubrukt ut, til og med pærene som var i lampen virkar!! Den passa perfekt inn i kråa i stova vår ♥ Av og til skal ein ha litt flaks :)

God romjul til alle!

lørdag 25. desember 2010

♥ God Jul ♥

Nylig oppdatert12

No er den store kvelden over og roa har enka seg her i heimen. Vi har vore ute og kosa oss i snøen i dag. Gutane har fått prøvd ut nye kjelkar og ski. Stor stas :)

Det raude hjartet du ser over her er laga av jentene som har bloggen Snippen. Dei var i Molovegen saman med meg fyrste helga i advent, og lagar mykje fint! Eg var raskt ute og sikra meg dette nydelege hjartet ♥

Nissane er laga av kunstnarar frå eigen heim :)

Nylig oppdatert1

Her har småkunstnarane i huset utfolda seg i barnehagen ♥ Finst det noko vakrare? Det varmar iallefall mitt hjarte tvers igjennom ♥

Nylig oppdatert5Mamma kom med nydelig flettaloff og valnøttbrød til oss lisje-juleafta. Ho er berre fantastisk ♥

Nylig oppdatert4Julestrømpene klare for Julenissebesøk.:)Nylig oppdatert7

Nylig oppdatert10Nylig oppdatert14

Mamma hadde kosa seg og laga islykter til meg og systra mi no til jul ♥ Ho er så omtenksom og snill!

God Jul til alle ♥

onsdag 15. desember 2010

Nye nåler til Krukkehuset

IMG_2143

I dag har eg vore på Krukkehuset og fyllt på med nåler. Seinare i veka kjem eg nok med eindel anna også.:)

Det byrjar nærme seg fristen for pakke-sending også, visst ein skal vere sikker på at pakkane kjem fram til Jul. Så for dei som vil bestille noko frå Epla-butikken min, har eg planar om å tøme den litt no til helga og flytte tinga til Krukkehuset i staden.

Håper alle får fine dagar no før Jul ♥

fredag 10. desember 2010

Julehandel og anna handel

Eg har lenge tenkt eg skulle vise fram litt av dei fine tinga eg har kjøpt i andre epla-butikkar og hjå lokale kunstnarar i området her. I dag skulle eg vel eigentleg bruke tida mi til å rydde og ordne hus, men så skulle eg berre legge ut litt nytt på eplabutikken min og når eg fyrst er i gang her so må no eg berre lage eit lite blogginnlegg…

Nylig oppdatert28

Tirsdag landa dette nydelige hjartet i postkassa mi ♥  Saman med hjartet låg ein søt liten lavendelpose. Det er laga av Kristine med den nydelige bloggen Haust. Eplabutikken hennar har same namn og er like nydelig!

Nylig oppdatert29

Onsdagen låg ein ny pakke i postkassa mi.:) Den kom frå Guro som har den herlege bloggen God som Grønn. Ho har også butikk på Epla og den heiter og God som Grønn. Miljøbevisst dame som lagar mykje spennande. Eg fekk pakkelappar laga av gjenbrukte juledukar. Veldig fine!

17.101

Denne søte tunikaen kjøpte eg tidlegare i haust på Eplabutikken Juni. Veldig fin ♥

Nylig oppdatert31

Denne fine vasen kjøpte eg for nokre veker sidan av Keramikar Eve Lis Eikrem frå Ørsta. Ho held til i lokala der rutebilstasjonen var før. Eg kjøpte vasen på ein Kunst og design kveld heime hjå systra mi, som eit tupperwareparty, berre med keramikk.:)

Nylig oppdatert30

Denne fine hua kjøpte eg i Moloveien av CatY (Cathrine Yksnøy)

Veldig veldig veldig SØT ♥

epla_9des_10

I går var eg så heldig å få vere med blant Ida sine forelskelsar på epla. Ho har butikken Sting & Ting  med mykje fint i :) Ho har også ein blogg det er verdt å ta turen innom som heiter Ida og muskatt.

Nylig oppdatert32

Ellers har eg lagt ut eindel nye nåler på epla i dag. Blant anna desse julenålene ♥

Og sist men ikkje minst: Eg har endelig vunne eit blogglotteri!!!! Eg var så heldig å vinne ein valgfri plakat frå Sheneligans.  Valget fall etter mykje fram og tilbake på denne fine plakaten av Solsystemet. Det var Per på 7år som hadde så utruleg lyst på den, og eg er no heil einig, den er heilt nydeleg! Der var også mange andre eg hadde lyst på, men då får eg heller handle dei på vanleg måte. :) Eplabutikken til Sheneligans finn du her.

Då håper eg alle får ei fin helg og ei fin førjulstid ♥

Det kjem no kanskje eit innlegg til før jul..

fredag 3. desember 2010

Påfyll i Eplabutikken og på Krukkehuset

Dei siste dagane har i stor grad gått med til å fylle på med varer i Epla-butikken min og på Krukkehuset. Forrige helg tømde eg både eine og andre plassen for å ha med meg til Julegata i Moloveien. Det gjekk veldig bra der, men eg hadde framleis eindel att når eg kom der i frå.:)

epla_03desember_2010

Ellers så var eg så heldig å få ein av juleenglane mine blant dagens forelskelsar på framsida av Epla i dag.:) Tusen takk til søte snille Gnist som tok meg med ♥

God helg alle i hop :)