fredag 22. juni 2012

Eit lite livsteikn….

1472012-06-18

Det vert ikkje gjort så mykje på det kreative planet her for tida.. Eg håper det skal bli litt meir no når det er ferie!

Men litt gjer vi no.:O) For nokre dagar sidan ville Alma og Knut teikne på T-skjorter, og trur ikkje du eg hadde nokre tekstiltusjar liggande.. Eg har det meste av det som er noko å ha! T-skjorte maling vart det. Knut gjekk for nydikta eventyr med dragar (under brua) og sauder (som skulle over brua), medan Alma teikna heile gjengen vår på si skjorte.:)

Ha ein god dag:)