Viser innlegg med etiketten bjørke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bjørke. Vis alle innlegg

mandag 30. mai 2011

Bakketunet

Eg vart for ei stund tilbake spurt om eg ville lage

nåler til Bakketunet på Bjørke. Det var kunstnar, eldskjel og

drivar av tunet Marita Bett Jensen som gav meg

utfordringa. Takk og lov!! Endeleg er eg og symaskina

i gang igjen :) Nålene er ferdige og klare til levering,

og i tillegg har nye englar sett dagens lys.

Ein god følelse ♥bakketunet2011-05-28

Neste helg vert eg å finne på Sæbø der eg skal

vere med på marknad under Hjørungfjorddagane.

Gleder meg stort!

Håper de alle får ei fin fin veke!

fredag 10. september 2010

Sjå min kjole

DSC03992DSC03996DSC03977
Denne helga skal eg vere med på motevisning på Bjørke, saman med ein gjeng flotte og flinke damer. Det er det erverdige Bakketunet på Bjørke som er staden det skjer.  I høve kulturminnedagen har Marita Bett Jensen teke initiativ og invitert oss til å ta del. Ho har verkeleg gjort ein kjempejobb for å få dette til å bli ein realitet. Vi vil vise fram kjolar for vaksne og born og i tillegg vil kufjøs, stabbur og kammers verte nytta som utstillingsarena og sal av handverksprodukta vi lagar. Dei som skal vere med er: Elin Grethe Haddal (Lappelina), Monica Skare (Mo9ca Design), Cathrine Yksnøy (CatY), Sølvi Myklebust (Fru My), Wenche Haddal, Ann Kristin Amdam og eg (almaPalma).
Det vert servert brennsnut med flatbrød for dei som vert svoltne. Riding vert det for både store og små. Ellers vert det loppemarknad og auksjon på nabogarden der Mork antikk held hus. Eg oppmodar alle til å ta turen til Bjørke søndag. 
No må eg sy vidare….
God helg alle saman!