lørdag 27. februar 2010

Alma




















Alma ute i vinteren med nydeleg strikkahette som farmor
(Marithøna på Krukkehuset og Hakallegarden) har laga.

fredag 26. februar 2010

Sparktur


































Det er utruleg herleg med vinter,
sjølv om eg har byrja lengte litt
mot vår..
For eit par dagar sidan var Alma
og eg ute på den fine rosa sparken vår.
Den held seg godt! Fargen fekk den for
25 år sidan eller der omkring, mala av
tante Aina(Krukkehuset), ein gong på
80-talet reknar eg med..
Ho var ei fargerike jente då også.:)

onsdag 24. februar 2010

Ventetid...


















Det vert laga lite her for tida.
Min kjære held på å lage meg eit
midlertidig arbeidsrom. Det
fungerer dårleg å ha arbeidsrom
på spisebordet med ein nyfiken
1,5 åring i hus.. I det heile tatt so
fungerer det dårleg når vi er seks
som skal ha plass rundt bordet også!

So no ligg alt litt på vent her.
Men kjenner at det kriblar i fingrane.

Gledar meg til bedre tider :)

mandag 22. februar 2010

Familia vår



fredag 19. februar 2010

Familia vår










Her er vi heile herlege gjengen vår.:)
Pappa Georg, mamma Kristin, Knut, Per, Maria
også Alma da, som kom litt for seint til det fyrste
maleriet og difor måtte få eit maleri heilt for seg sjølv..
Einaste som manglar her i heimen er pusen.

Maleria er måla av ei flotte dame som heiter
Laila Kvalsund Solhaug. Ho sel bileta sine på
Krukkehuset i Ulsteinvik, på Kafe Kuling i
Gjerdsvika og på galleri E&E i Fosnavåg. Kanskje
fleire stader også, som ikkje eg veit om..

God helg alle saman!

søndag 14. februar 2010

lørdag 13. februar 2010

Tova skåler




























Her er endelig litt resultat av tovinga eg hadde for meg
i januar.. To skåler og ei nål. Det kjem nok meir etter
kvart. Eg har fleire halvferdige toveprosjekt liggande..

torsdag 11. februar 2010

Alle hjerter gleder seg


























Her er det eg har heldt på med denne veka.
Det er eigentleg godt når eit prosjekt er ferdig før
helga. Spesielt når ein brukar stova som arbeidsrom.
No sit mannen og lagar merkelappar til meg, slik at
hjarta kan finne vegen til Krukkehuset i morgon.

tirsdag 9. februar 2010

Hjarter















No er eg endelig i gang med å sy igjen. Har hatt meg
ein lang pause frå symaskina etter jul.. Det har vorte meir
toving og strikking i det siste.
I dag såg desse hjarta dagens lys. Kanskje vert det fleire
før eg eg må vidare til andre gjeremål..

mandag 8. februar 2010

Ny kåpe med knappar frå Snella og Petronella





Eg har friska opp kåpa mi med desse nydelege knappane
frå Snella og Petronella. Hua mi skal også få seg litt pynt,
men eg er ikkje heilt sikker på korleis den vert sjåandes
ut enda.
Knappane har eg kjøpt på Krukkehuset. Takk Aina,
for den gode ideen!