Viser innlegg med etiketten vimplar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vimplar. Vis alle innlegg

mandag 26. mars 2012

Vår og uteliv

Endeleg fekk vi vår og eg fekk igang symaskina igjen :) Denne gangen vart det fargerike vimplar til trehytta vår. Eller vår, det er vel borna som regjerer der oppe, medan vi nyt livet nedføre.:)2012-03-26 0642012-03-261069090083

Herleg var det iallefall med fint ver og mat i det fri!!048

Eg må vel inrømme at det ikkje vart så veldig mykje mat i det fri.. Nordavinden jaga oss inn att tilslutt og maten måtte i ovnen istaden for på grillen..

Lag ei god veke!!

lørdag 21. august 2010

Hipp hurra!

IMG_0914 IMG_0908 I morgon fyller størsteguten 7 år og då ønska han seg sjølvsagt vimplar slik som lisjebror fekk for litt sidan då han fyllte år. Lisjebror elskar blått, og måtte ha mykje blått i si vimpelrekke. Storebror er veldig glad i grønt så vimpelrekka hans vart i hovudsak grøn.
Det er rart å sjå kor glade dei vert for det som eg har laga til dei! Det undrar meg eigentleg litt, men mest av alt gjer det meg utruleg glad!