Viser innlegg med etiketten epla. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten epla. Vis alle innlegg

søndag 13. mars 2011

Ein fin dag!

I dag har vi hatt ein nydeleg dag på Hakallegarden

 ♥ Vi feira dobbel bursdag for dei to flotte

damene der, gardakjeringa og odelstausa ♥

Vi var innom og helste på alle dyra og ein av minigrisane hadde fått to nydelege små grisungar! Det vart grilling av pylser m.m. i lavoen. Vi var nede på stranda og leika med båtar og teikna i sanden :)  Og sjølvsagt eit ekte sunnmørsk kaffislaberas til slutt!

Og gåver sjølvsagt! Eg har endeleg funne fram symaskina igjen og sydde odelstausa blyantetui og veske til å ha etui og tegneblokk oppi.

Nylig oppdatert29

Alma var så fornøgd med gåva vi skulle gi til syskenbarnet at ho helst ville ha den sjølv…

Eg måtte love å sy sameleis til henne før ho klarte å gi den frå seg for innpakking…Nylig oppdatert30

Eg må også vise fram dei fine tinga eg har handla i det siste! Desse fine pungane og penalet kjøpte eg hjå ZNdesign. Mykje fint i denne butikken, vel verdt å ta turen innom!

Nylig oppdatert31

Eg fall også pladask for desse eggehønene som eg kjøpte hjå Dottie.Nylig oppdatert32

Og då eg kom heim i kveld såg eg at eg var blant forelskelsane på framsida av Epla i dag ♥  Det er no alltid like kjekt! Tusen takk til Silje med butikken Stingeling!epla_12mars_2011

Tusen takk til alle som kikar innom her hjå meg! Og tusen takk for alle dei søte, fine og gode kommentarane! Eg har ikkje hatt det store overskuddet siste månadane og har difor ikkje klart å svare eller takke kvar enkelt av dykk.. Men de skal vite at eg set uendeleg stor pris på den gode tilbakemeldinga! Eg er så smått i gang igjen her, og håper at eg snart har nye og spanande ting å vise fram til dykk.:)

God helg vidare til alle som er innom ♥

fredag 3. desember 2010

Påfyll i Eplabutikken og på Krukkehuset

Dei siste dagane har i stor grad gått med til å fylle på med varer i Epla-butikken min og på Krukkehuset. Forrige helg tømde eg både eine og andre plassen for å ha med meg til Julegata i Moloveien. Det gjekk veldig bra der, men eg hadde framleis eindel att når eg kom der i frå.:)

epla_03desember_2010

Ellers så var eg så heldig å få ein av juleenglane mine blant dagens forelskelsar på framsida av Epla i dag.:) Tusen takk til søte snille Gnist som tok meg med ♥

God helg alle i hop :)

torsdag 11. november 2010

Ein dag igjen!

Då er det snart klart for trekning av blogglotteriet mitt, og eg må berre seie at eg er utruleg glad for at så mange ville ta del!! Det hadde eg ikkje venta. Veldig kjekt.:)

No har eg akkurat sett mannen til å klippe lappar til meg. Eg innser no at det skulle eg gjort tidlegare slik at eg kunne ha laga lodda etterkvart, men eg tenkte nok ikkje på kor mange lodd det kom til å bli tilslutt…. Jaja trekning skal det iallefall verte det er no heilt sikkert, eg har no eit heilt døgn på meg.:)

Dei som enno ikkje har meldt seg på har framleis moglegheit fram til kl. 20.00 i morgon kveld.

Idag har eg levert frå meg den gjengen med nåler du ser under her. Dei har reist til Gamleskulen på Eikrem, som ligg i Sula kommune. Dei flinke og kjekke damene der opnar dørene til julehuset sitt no på laurdag og held ope laurdag og søndag fram mot jul. Gleder meg veldig til å kome å sjå kva dei har fått til!

IMG_2150

IMG_2134

Ellers har eg vore to gonger blant forelskelsane på framsida av epla dei siste dagane. Det er stor stas! Tusen takk til Silje med butikken It’sok og Maria med butikken TheLittleBox.epla_9nov_2010

epla_11nov_2010

Eg startar på loddskrivinga no, so sjåast vi i morgon kveld.:)

Ha det fint så lenge!

mandag 6. september 2010

Mine forelskelsar på Epla ♥

I dag vart mine forelskelsar vist på Epla si framside.
Veldig kjekt.:)

torsdag 19. august 2010

Endeleg kom sommaren…


IMG_0883
IMG_0875
epla_16aug_2010
epla_17aug
I det siste har vi i denne delen av landet hatt tempraturar som  minner meir om syden enn om sunnmøre. Vi nyt dagane, og oppheld oss stort sett ute.:) Det vert ikkje mykje tid til sying akkurat no, men eg håper på å få bedre tid etterkvart.
Eg var på framsida til Epla to dagar på rad her for litt sida og det vart eg utruleg glad for! Stor stas er det!! Takk til MONOme som tok meg med blant sine favorittar.:) Eg har no nokre favorittar hjå henne og!  Eg håper eg snart får tid til å fylle opp litt i Eplabutikken min. Det meste av det eg lagar fer for tida til Krukkehuset.
Ha ein fin kveld alle saman.:)