Viser innlegg med etiketten retro. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten retro. Vis alle innlegg

søndag 3. oktober 2010

Ruskever og loppemarknad

I dag har eg vore på tur i ruskeveret saman med lisje Almapalmaen min og mormor. Tilfeldigvis opna ein loppemarknad rett i nærleiken akkurat i det vi var ferdig med turen vår.:) Det vart ikkje store utbyttet, men eg fekk med meg heim ei nydeleg lita sukkerskål (I tillegg til superheltdrakt til fire-åringen og teikneseriar i same kategori til sju-åringen, ja og forresten to permar Alt om handarbeide frå 70-talet :). IMG_1597 IMG_1596 Det var no kanskje ikkje so verst. Men eg er no alltid på leit etter retrosengesett eller gardiner, og når eg ikkje finn det vert eg litt skuffa..

Men så er eg so heldig å ha veninner som tenker på meg! Dette fine stoffet skal eg lage ei nål av til mi vakre og fargeglade veninne. Ho har nålene mine i dei fleste fargar og ville gjerne ha ei til som ho kunne bruke til brunt. IMG_1598 Dette stoffet fekk eg også av henne.IMG_1600 Og dette  ♥IMG_1027 Ha ei god haustferieveke alle saman ♥

mandag 24. august 2009

Fleire kjolar

Her er litt fleire av kjolane eg har laga. Det har vorte litt dei siste vekene og meir er undervegs. Eg har hovudet fullt av idear som vil ut.:) Den som hadde hatt litt meir tid..

Gulruta kjole med grønt favorittstoff 
på armane. Der grøne stoffer kjem 
frå tante Ruth sine gamle putevar. 
Eit heilt nydeleg stoff! 
   
 
Det grønruta stoffet fann eg på loftet 
til mamma og pappa. Mamma er 
tidlegare sydame og har sikkert hatt 
planar for det ein gong. Systera mi 
synest det minte henne om forkleda 
frå heimkunnskapen.. Eg synest det 
vart veldig fint saman med det nye 
raude stoffet eg fann.  



Bilkjolen trur eg kjem til å passe veldig 
fint til ei lita trulte. 

  
  
Soppkjole. Ein av mine haustfavorittar.

 
Detalj frå soppkjolen.
   
 
Den kvite forklekjolen med lilla og blå blomster er laga 
av eit gamalt dynetrekk eg fekk av tante Ruth. 

 
Vendbar forklekjole som er laga av ei 
raud fløyelsskjorte frå ungdomstida 
mi og ein gamal ruta duk