onsdag 26. mai 2010

Måleri




I det siste har det vorte lite tid framfor symaskina.
Eg har kjent på at eg har hatt behov for å gjere noko anna..
Då eg tok grunnfag i Kunst og Handverk i Volda hadde eg
ein fantastisk lærar i teikning (vi mala for det meste, det
er i allefall det eg hugsar..). Ho heitte Bodil Wiegaard og eg
hugsar korleis ho inspirerte og oppmuntra oss elevane.

Eg har sidan, i periodar, hatt behov for å leite fram malesakene.
Denne gangen var det faktisk ei veninne av meg som gjorde
at eg byrja male. Ho ville ha eit bilete over sofaen og ho
utfordra meg til å male det. Eg angra litt undervegs, det
er ikkje så lett å lage maleri på bestilling. Men utfallet vart
bra, både ho og eg vart fornøgde. Dette gav meg litt sjølvtillit,
så eg mala nokre bileter til utstillinga som åpnar på
Krukkehuset i dag også.:)

fredag 21. mai 2010

17. mai




Maria mi ♥
Stillte sporty opp på fotoseansen vi hadde på Flø!

















 Per klar for dagens fyrste is...

Deilige kaker og lukkelege born
-kva meir kan ein ynskje seg....

lørdag 8. mai 2010

Nåler ♥




Denne veka har eg laga eindel nye nåler. Dei er ikkje ferdige enda, men når eg får helga på meg reknar eg med at eg kjem i mål.
Ein liten smakebit får du her.:)

God helg alle saman!