mandag 31. august 2009

Knappar

Tonje gav meg tilgang til mora sitt knappeskrin frå 70-talet. Det var utruleg snillt av deg! Tusen takk!
Her er det eg plukka ut. Mange flotte knappar! 



 
Eg elskar knappar så her kosa eg meg skikkeleg!

mandag 24. august 2009

Fleire kjolar

Her er litt fleire av kjolane eg har laga. Det har vorte litt dei siste vekene og meir er undervegs. Eg har hovudet fullt av idear som vil ut.:) Den som hadde hatt litt meir tid..

Gulruta kjole med grønt favorittstoff 
på armane. Der grøne stoffer kjem 
frå tante Ruth sine gamle putevar. 
Eit heilt nydeleg stoff! 
   
 
Det grønruta stoffet fann eg på loftet 
til mamma og pappa. Mamma er 
tidlegare sydame og har sikkert hatt 
planar for det ein gong. Systera mi 
synest det minte henne om forkleda 
frå heimkunnskapen.. Eg synest det 
vart veldig fint saman med det nye 
raude stoffet eg fann.  



Bilkjolen trur eg kjem til å passe veldig 
fint til ei lita trulte. 

  
  
Soppkjole. Ein av mine haustfavorittar.

 
Detalj frå soppkjolen.
   
 
Den kvite forklekjolen med lilla og blå blomster er laga 
av eit gamalt dynetrekk eg fekk av tante Ruth. 

 
Vendbar forklekjole som er laga av ei 
raud fløyelsskjorte frå ungdomstida 
mi og ein gamal ruta duk

søndag 23. august 2009

Erteposar

Erteposar er også noko eg synest er veldig morosamt. Her i huset måtte borna ha kvar sin, og dei er ofte i bruk. Dei er laga av gamle og nye stoffrestar, og erter, sjølvsagt. Her er ein del av produksjonen.

 
 


Høne pøne

Ein ting eg har lagamykje av er høner. Eg trur det må vere hundrevis etterkvart. Høner som kan brukast til eggevarmarar eller berre til pynt.
Her er ei lita hønefamilie. 

 


 

Min fyrste blogg

I dag gjer eg noko eg ikkje trudde eg kom til å gjere nokon gong. Eg har opretta min eigen blogg. Eg tenkte det kunne vere kjekt å vise andre noko av det eg driv med. Eg har lenge strikka, hekla og tova, men i det siste har eg teke fram symaskina igjen. Her er litt av resultatet.

Eg elskar dette stoffet som kjem frå tante Ruth sitt gamle putevar. Eg skulle ønske eg hadde metervis av det, men i verkelegheita har eg knapt ein halv...

Eg fall for dette bilstoffet med ein gong eg såg det. Perfekt for ei lita trulte.:)

Hei her er eg

 
Hei!

I dag har eg starta min fyrste blogg. Eg har lenge beundra alle dei fine bloggane som finst på nett, men trudde vel aldri at eg skulle ha ein sjølv. 

Eg er sjølv veldig glad i å lage ting og driv no å syr forskjellig som eg sel på ein lokal butikk som heiter Krukkehuset.

Eg har tidlegare strikka og hekla ein del. Eg driv med toving og er elles glad i å lage det meste.