tirsdag 27. oktober 2009

Engel


















Eg har lange hatt lyst å lage englar,
men har ikkje vore sikker på korleis
eg ville dei skulle sjå ut. Denne engelen
såg dagens lys i går etter lang tid på
skissestadiet. Den er laga av gamle
sengetrekk og laken. Det kjem nok
fleire av same slaget, no framover mot jul.

søndag 18. oktober 2009

Labbe-petter



































































Denne kjolen vart bestilt av ei veninne, som ville ha ein spesiell kjole som ho skulle gi til systra si. Den skulle vere dus i fargane, og ha eit hundemotiv. Eg laga kjolen i kvit og naturfarga lin. Beina til hunden er i bomull. Øyrene stammar frå eit gamalt dynetrekk. Navnet gav veninna mi kjolen, då ho såg hunden for fyrste gong og kalla han Labbe Petter..

tirsdag 13. oktober 2009

Alma i soppkjole


















Her får Alma prøve ein av dei siste
kjolane eg har laga. No er det slutt
på soppstoffet..

lørdag 10. oktober 2009

Blomekrans















Eg kjøpte denne nydelege kransen i dag på
Krukkehuset. Blomane som heng på er av keramikk.
Den er laga av Gry Nerland, ei
flott dame som lagar dei finaste ting i keramikk.
Kransen passa perfekt på døra vår, og skal få
henge der og ta imot familie og vener.:)

fredag 9. oktober 2009

Nye kjolar
















Eg fekk ein forespørsel for eit par veker sidan frå ei veninne.
Ho ville ha ein kjole til jenta si på 4 år. Ho valde ut stoff som
ho likte og eg laga to kjolar av dei. Her er
resultatet. Ho valde den rosa, so då vert den
grøne/brune lagt ut for salg snart. Takk for
inspirasjon Kristin! Soppkjolen vart også vurdert,
derfor fekk den vere med på biletet.:)

tirsdag 6. oktober 2009

Skjørt


















Eg har eit skjørt frå då eg var lita med bukse under. Synest det var ein utruleg fin ide og har prøvd å overføre den til dette skjørtet. Kjekt at skjørtet ikkje havnar opp under armane. Synest dette vart veldig bra. Må berre justere litt på strekka. Det vart litt vidt både i beina og rundt livet..

fredag 2. oktober 2009

Nåler













Eg har lenge tenkt på kva eg skulle gjere med
alle stoffrestane som eg samlar på.. Er dei større
enn ei flis har eg ikkje hjarte til å kaste dei.
Så kom eg på at nokre av dei kunne bli nåler.
Her er nokre av dei og fleire er undervegs.