torsdag 2. februar 2012

Om eg turde ville eg…

Her for litt sidan var eg så utruleg heldig at eg vann i give-awayen til Line Katrin Moe :) Premien var ein superfin kalender som Line Katrin har vore med på å lage. Ta deg ein tur innom bloggen hennar og sjå alle dei fine illustrasjonane hennar! Ho har også Epla-butikk som du finn her:) 

Her er det ho sjølv skreiv om kalenderen ho var med på å lage:

“I haust var eg med i ein kalenderkonkurranse “Om eg turde ville eg…” arrangert av Baluba Illustrasjon. Gledelig blei mitt bidrag valt ut (personen som synger) saman med elleve andre heldige sjeler. Kalendaren har dermed 12 ulike bilete frå 12 ulike kreative sjeler.”

Her ser du nokre av dei flotte illustrasjonane som ventar meg gjennom året som kjem ♥ Gjett om eg var lykkeleg når eg stod med den fine kalenderen i hendene sist veke!!

Bileta har eg lånt frå Line Katrin sin blogg.

Tusen hjarteleg takk!!