fredag 23. desember 2011

Klart eg kan!

No er det like før det brakar laust her.. ..då snakkar eg ikkje om juleafta, men sending av serien “Klart eg kan”.  Vel den er vel eigentleg i gang allereide. I dag tidleg såg vi fyrste episode i Julemorgon på nrksuper!! Gjett om det var jubel i stova. Vi har vel nesten fått eit eigeforhold til serien:)

Vi har ei gut i hus som er veldig spent og stolt. Vi har fått snik-kika på serien, sidan vi fekk han i posten for litt sidan, og er veldig fornøgde!!

Musikkvideoen finn du her :)

Søndag hadde vi visning av Per si episode på Hakallegarden. Det kom mykje folk og dei humra og kosa seg under visninga. Per serverte forfriskningar til alle som hadde teke turen og applausen stod i taket då filmen var slutt. Kjekt:)

Mandag var vi på sleppfest på Operahuset i Norfjoreid. Det var utruleg kjekt! Alle dei flotte borna som har vore med på serien var samla. Du ser heile gjengen her:)

Her ser du nokre bilete frå innspelinga av Per si episode:

041157

179

Per si episode skal visast 27. desember klokka 8.30. Vi gledar oss stort!!

God Jul ♥

fredag 9. desember 2011

Jul i Epla-butikken :)

Nylig oppdatert2

Då har det kome på plass litt jul i Epla-butikken min :)

onsdag 30. november 2011

Fru Svendsen

I kveld skal eg vere med på julemarknad i Ørsta saman med ein gjeng andre flinke damer :) Det er den flotte dugnadsgjengen på Fru Svendsen som står bak :) Her er det som stod på sida deira om det som skal skje i kveld:

Onsdag 30 november er det kveldskafe' kl.19. Og denne onsdagen er det adventsstemning og førjulssalg av handtverk som er i fokus! Jostein Mo skal fortelle og vise oss julehefter frå gamle dagar. Marianne Vassli har gamle julekort å vise fram. Nils og Knut Ose skal gi oss den musikalske julestemninga,og vi skal synge ein gamal julesong eller to...Nytt av året er at vi åpnar opp sidefløya til Svendsengarden. Der har vi invitert mange lokale kunst og handtverkarar som vil selge sine produkt,denne onsdagen,og kvar laurdag fram til jul! Kafeen er julepynta,og vi vil gi dåkke ein smak av julebaksten! Velkomen!

Eg skal berre vere med denne eine kvelden, men resten av damene skal vere der laurdagane fram mot jul.

Så dei som lurer på kva som har hendt med Epla-butikken min, den vert snart fylt opp att!

Håper mange tek turen i kveld :)

aust_2011 054

lørdag 26. november 2011

Julegata i Molovegen

I morgon tek eg turen til Ålesund og skal vere med på Julegata i Molovegen. Eg var der i fjor også, og det var ein utruleg fin opplevelse! God stemning og mykje folk :)

Håper veret ikkje gjer at folk held seg heime.. I fjor var det –10 og nydeleg vinterver, det står berre igjen å sjå kva side veret viser seg frå i morgon.. Uansett vil det bli god stemning inne på fiskerimuseet, det kjenner eg meg trygg på!

Her er litt av det eg kjem til å ta med meg:

2011-11-23 aust_2011eksporterte_bilder

God helg alle saman ♥

onsdag 23. november 2011

Overrasking

Sist veke fekk eg ei hyggeleg overrasking i posten:) Eg hadde vunne denne fine skrivebordsordnaren i ein give away på bloggen Life at Lammers vei.  Tusen tusen takk!aust_2011 036

Eg har også sydd litt i det siste. Blant anna nokre slike englar.

aust_2011 054-1

Ha ei god veke!

onsdag 9. november 2011

Julestrømper

27.11

26.11

I kveld har eg lagt ut julestrømper i Eplabutikken min :)

mandag 24. oktober 2011

Godkjøp :)

Eg vert veldig inspirert av å sjå kva andre lagar. Det kan vere fargekombinasjonar, eller andre samansetningar som eg berre fell for.. Av og til klarer eg ikkje berre å la det bli med å sanke inspirasjon, av og til må eg berre ha det eg ser.

I løpet av dei siste månadane har eg fått pakkepost frå fjern og nær. Kanskje litt for å trøyste meg sjølv, sidan eg ikkje har følt meg så kreativ i det siste… DSC_4512_medium

Dette vakre smykket kjøpte eg på Epla i butikken Monsterblomster.

sommar_haust_2011 055

I denne fine øska…mano_celebrates

…fekk eg dette herlege smykket frå Etsy butikken ManoCelebrates. Eg er så fornøgd at eg nettopp har bestilt eit smykke til der…

sommar_haust_2011 056

Dette fine sjalet har eg og kjøpt på Etsy i butikken topherco. Det har eg brukt mykje siste vekene og er superfornøgd!

2011-10-04 sommar_haust_20111

Denne søte boksa til synåler har eg og kjøpt på Etsy, i butikken thesmallobject.

1b773f54-1c7d-46a3-8a92-46c07b7e49e1_org_medium

Siste kjøpet mitt, som enno ikkje er kome i hus, er denne artige epleklokka som eg kjøpte i Eplabutikken guro.

Det kan no sjå ut som eg ikkje gjer anna enn handlar på nett… Eg må opplyse om at dette har skjedd over eit lengre tidsrom!! ;)

Men eg trur kanskje det har vore ein viss terapi i dette her, for siste vekene har symaskina kome fram att og det har vorte laga både eine og hit… Veldig kjekt og godt langt inni sjela!

Ønsker alle ei finfin veke :)

søndag 16. oktober 2011

Det er betre med ein fugl i handa enn ti på taket……

sommar_haust_2011 079

I sommar vart eg den heldige eigar av dette maleriet :) Det er mala av Line Katrin Moe, ei fantastisk kjekke og dyktige taus eg er så heldig å ha vorte kjende med. Du finn bloggen hennar her og Epla-butikken hennar her.  Eg veit ikkje heilt om eg heller ville hatt ein fugl i handa, synest eigentleg det er greit dei held seg på taket… og denne eine spesielt ;)

No heng maleriet og prydar veggen vår saman med eit maleri av Ingjerd Havåg. Vakkert! Og enda vakrare i verklegheita sjølvsagt!sommar_haust_2011 079

Det er godt å vere litt i gong igjen her på bloggen. Det har stått relativt stille ei stund..

Eg har eit lite syprosjekt også.. Her er eit lite glimt.oktober_2011 001

Håper alle som er innom får ei strålandes veke :)

tirsdag 12. juli 2011

Klart eg kan!

Vi har fått ei stjerne i familia, ei Nrk Superstjerne:) Ei relativt jordnær ei vel å merke..

Storeguten vår Per er så heldig at han har ei fantastisk tante på Hakallestranda. Då ho vart kontakta av Eva Westvik om innspeling av barne-tv  på Hakallegarden, tenkte ho at Per ville passe bra i hovudrolla.  Det trur eg ho har rett i :)   Han skal vere med i ei av episodene i serien “Klart eg kan”.

030

Per har stått på og her ser du litt av resultatet. Han har måla fleire måleri og laga kunstutstilling slik at han kunne tene pengar og kjøpe ny sele til Bukke-Lars.

037

Mange kom og alle måleria vart selde. Det fargerike måleriet med hjarter på vart til og med selt to gongar!

per_barnetv 006

063

Kanapèar og forfriskningar må ein sjølvsagt ha på ei debututstilling!

092

Her ser du ei anna stjerne. Bukke-Lars er lukkeleg uvitande om kva som er i vente :)

160

Per klarer det meste og dette var jammen ikkje lett!

179

Sjølv om det var filming på gong tok guten seg tid til å plukke ein blomst til mamma.. Denne åt bukken opp litt seinare, men det hadde den jammen fortent ;) Onkel Olav spring framføre med lokkemat.

236

Reid på hest gjorde han også. Her har han teikna ei rask skisse frå då Veina bestemte seg for å ri rett ut i sjøen… Du ser kanskje kva anna ho gjorde der også…

per_barnetv 050

Etter 9 timar med filming er både Eva og Per fornøgde! Per gjorde ein fantastisk innsats, ikkje ei sur mine heile dagen! Han har vore med på eit lite eventyr, som han aldri kjem til å gløyme!

Per kjem nok til å sakne Eva, det er iallefall heilt sikkert ♥

mandag 30. mai 2011

Bakketunet

Eg vart for ei stund tilbake spurt om eg ville lage

nåler til Bakketunet på Bjørke. Det var kunstnar, eldskjel og

drivar av tunet Marita Bett Jensen som gav meg

utfordringa. Takk og lov!! Endeleg er eg og symaskina

i gang igjen :) Nålene er ferdige og klare til levering,

og i tillegg har nye englar sett dagens lys.

Ein god følelse ♥bakketunet2011-05-28

Neste helg vert eg å finne på Sæbø der eg skal

vere med på marknad under Hjørungfjorddagane.

Gleder meg stort!

Håper de alle får ei fin fin veke!

lørdag 21. mai 2011

Regnvêrs sysslar

Nylig oppdatert

Litt av det eg har styrt med i det siste… Ikkje ferdig, men på god veg :)

epla_20mai_2011

I går og i dag har favorittane mine vore på framsida av Epla. Stas!!

 

God helg alle saman

søndag 15. mai 2011

Jaudå, eg er her…

Det går lenge mellom kvart blogginnlegg for tida,

men eg har ikkje lagt inn årene enda. Eg har vurdert

mykje for og imot, men har vel bestemt meg for å halde

koken ei stund til.

Det beste med boggen er alle dei kjekke folka ein kjem

i kontakt med! Forrige veke fekk eg denne fine nøkkelringen

i posten av  Marian frå Rosendal :) Gjett om eg vart glad!

Du finn ho her med bloggen Marihøno

IMG_3684

Sjølv om det har vore labert med kreative sysslar her i

garden i det siste, so har det ikkje vore heilt fritt.. Eg

er så heldig a vere Krukkedame! Det er ein gjeng med

damer som held kafeen på Krukkehuset i gang. Sist vi

var samla gjekk turen til Hakallegarden. Då laga

vi fine ting av hesjastreng og perler. Eg laga mellom anna

denne fine blomsterpinnen.

IMG_3686

Ellers har eg litt spennande prosjekt på gong…

men eg må ta det litt etter litt.

Ha ei god veke og ein strålandes 17-mai!

Hipp Hipp Hurra!

torsdag 21. april 2011

Eggemaling

Nylig oppdatert34

I dag har vi kosa oss og mala egg til frukost. Dette er ein tradisjon eg har med meg heimanfrå, men eg må inrømme at det har vorte lite eggemaling siste åra.. Merkeleg eiegentleg for det er no så kjekt!!

Men mine kjære foreldre har mala egg kvar einaste påske frå eg og systra mi var små og dei held framleis på. Ikkje berre ein dag i påska, kvar einaste dag maler dei egga sine i vakre fargerike mønster før dei kakkar dei forsiktig, et dei og stiller skalet ut i eggehøna resten av påska.

Nylig oppdatert35

Egga vi åt i dag tidleg heldt seg gode og varme i eggehøna eg kjøpte hjå Dottie for litt sidan.

Til min store glede oppdaga eg at påskeforelskelsane mine er på framsida til Epla i dag! Det er no alltid stor stas ♥

epla_19april_11mine

God påske vidare alle saman!

fredag 15. april 2011

Salsinnspurt og Krukkedametur ♥

Salet i Eplabutikken min, som skulle vare i eit par veker, har nok vorte litt utvida etterkvart… men no er det snart slutt. Frå mandag av er prisane tilbake til normalen. Så då er det berre å nytte sjansen for dei som har lyst. IMG_2140

I kveld har eg vore på ein fantastisk kjekke Krukkedametur igjen! I dag gjekk turen til Hakallegarden, ein fantastisk flotte plass ut mot havet litt nord for Stadt. Vi har kosa oss med god mat, godt selskap og kreative sysslar med perler og ståltråd i nydelege omgjevnader Ein flott plass å leggje Blåturar eller jobb avslutning! Det er forresten den skjønne svigerinna mi som driv staden saman med mannen. Men eg trur nok eg hadde vore like begeistra same kven som hadde stått bak.. Eg gløymde sjølvsagt kamera, men veit at der vart tatt eindel bilder, så det kjem etterkvart.

Eg håper alle får ei God Påske!

fredag 1. april 2011

Høne pøne

Det har vorte mange høner opp gjennom åra. Dette er nok nokre av dei siste eg kjem til å lage.. Dei har vorte litt kvikkare etterkvart. Sprekare fargar og ny dekor, men ein når ofte eit metningspunkt.. No reiser dei siste ned til Krukkehuset, og kanskje får dei vere med nokon heim derifrå…

24.031

24.03

God helg ♥

torsdag 24. mars 2011

Salg i Eplabutikken

No får du englar og nåler til redusert pris i Eplabutikken min.

Salget vil vare i eit par veker, så løp og kjøp :)Nylig oppdatert33[2]

Nylig oppdatert23-1

God helg

søndag 13. mars 2011

Ein fin dag!

I dag har vi hatt ein nydeleg dag på Hakallegarden

 ♥ Vi feira dobbel bursdag for dei to flotte

damene der, gardakjeringa og odelstausa ♥

Vi var innom og helste på alle dyra og ein av minigrisane hadde fått to nydelege små grisungar! Det vart grilling av pylser m.m. i lavoen. Vi var nede på stranda og leika med båtar og teikna i sanden :)  Og sjølvsagt eit ekte sunnmørsk kaffislaberas til slutt!

Og gåver sjølvsagt! Eg har endeleg funne fram symaskina igjen og sydde odelstausa blyantetui og veske til å ha etui og tegneblokk oppi.

Nylig oppdatert29

Alma var så fornøgd med gåva vi skulle gi til syskenbarnet at ho helst ville ha den sjølv…

Eg måtte love å sy sameleis til henne før ho klarte å gi den frå seg for innpakking…Nylig oppdatert30

Eg må også vise fram dei fine tinga eg har handla i det siste! Desse fine pungane og penalet kjøpte eg hjå ZNdesign. Mykje fint i denne butikken, vel verdt å ta turen innom!

Nylig oppdatert31

Eg fall også pladask for desse eggehønene som eg kjøpte hjå Dottie.Nylig oppdatert32

Og då eg kom heim i kveld såg eg at eg var blant forelskelsane på framsida av Epla i dag ♥  Det er no alltid like kjekt! Tusen takk til Silje med butikken Stingeling!epla_12mars_2011

Tusen takk til alle som kikar innom her hjå meg! Og tusen takk for alle dei søte, fine og gode kommentarane! Eg har ikkje hatt det store overskuddet siste månadane og har difor ikkje klart å svare eller takke kvar enkelt av dykk.. Men de skal vite at eg set uendeleg stor pris på den gode tilbakemeldinga! Eg er så smått i gang igjen her, og håper at eg snart har nye og spanande ting å vise fram til dykk.:)

God helg vidare til alle som er innom ♥