I dag har eg vore på tur i ruskeveret saman med lisje Almapalmaen min og mormor. Tilfeldigvis opna ein loppemarknad rett i nærleiken akkurat i det vi var ferdig med turen vår.:) Det vart ikkje store utbyttet, men eg fekk med meg heim ei nydeleg lita sukkerskål (I tillegg til superheltdrakt til fire-åringen og teikneseriar i same kategori til sju-åringen, ja og forresten to permar Alt om handarbeide frå 70-talet :).
Det var no kanskje ikkje so verst. Men eg er no alltid på leit etter retrosengesett eller gardiner, og når eg ikkje finn det vert eg litt skuffa..
Men så er eg so heldig å ha veninner som tenker på meg! Dette fine stoffet skal eg lage ei nål av til mi vakre og fargeglade veninne. Ho har nålene mine i dei fleste fargar og ville gjerne ha ei til som ho kunne bruke til brunt. Dette stoffet fekk eg også av henne.
Og dette ♥
Ha ei god haustferieveke alle saman ♥


