torsdag 15. juli 2010

Kjolar


Siste veka har eg sydd kvart ledige augeblink. Min kjære tok med borna på hytta eit par dagar slik at eg skulle kome i hamn med prosjektet mitt ♥ No heng fleire nye kjolar klare for Krukkehuset.:)
Det vart ingen bileter av dei ferdige kjolane, sidan dei ikkje vart ferdige før langt på kveld. Det får kome seinare. Eg rakk å ta desse bileta før det mørkna tidlegare i kveld. Så de får iallefall ein liten smakebit.

Eg må inrømme at eg har litt dårleg samvit for alle de som har vore innom her hjå meg i det siste og lagt igjen kommentar. Eg likar å ta meg tid til å stikke ein tur innom og sjå korleis de har det, men no dei siste vekene har eg ikkje hatt tid. Eg lovar eg skal ta det igjen om litt når ting roar seg her hjå meg.:)

God sommar alle saman :)

tirsdag 6. juli 2010

Sydag ♥

I dag har eg ein etterlengta sydag.:) Mormor passar born og eg har fått ein heil dag til å gjere det eg likar so godt! Eg er bra heldig, og eg veit det! Det har gått mykje i klipping i dag, så syinga må nok vente til kvelden (kveldane) kjem. 4 kjolar er under arbeid og eg frydar meg over alle fargane og kombisjonane.:) Resultatet får de nok sjå etterkvart..
Eg fekk også eit koseleg besøk av ei god vennine. Ho hadde med seg dei to nålene du ser her når ho gjekk ♥

Ein fin dag til alle!

søndag 4. juli 2010

Retrosengesett ♥

Eit av høgdepunkta i ei ellers trist veke var dette stoffet som eg fekk av ei veninne ♥
Det skal verte til ein engel og til mykje anna etterkvart.. Engelen skal Kristin få, ho eg fekk stoffet av.:)

Klem til alle de som kjem innom her.:)
Det vert eg veldig glad for  ♥

Beautiful blogger award

Skjønne Sølvi frå bloggen En støvel og en sko har gitt meg ein Award.:) Tusen tusen takk for det ♥
Med den fylgde det ei utfordring der eg skal fortelle 7 ting om meg sjølv. Her kjem det:
1. Eg elskar å vere oppe seint på kvelden og natta. Då er det ro i huset og eg  får sy,  blogge og gjere andre ting som eg likar.
Ein skikkelig ranglefant er eg!
2. Eg er veldig glad i å lese, men har skjeldan tid til det..
3. Eg vert glad langt inni skjela av ros og gode ord ♥
4. Eg budde i USA eit år då eg var 17. Det var der eg for fyrste gong verkeleg fekk utforske mine kreative sider.
5. Eg vert ofte litt rastlaus dersom eg held på med ein ting for lenge. Når eg har sydd mykje i ein periode treng eg å gjere andre ting som t.d. måle eller strikke.
6. Eg eig eit uendeleg antal hobbybøker! Det er nesten ubehageleg å tenke på kor mange...
7. Når eg får eit nytt interiørblad må eg ha ro rundt meg når eg skal opne det. Helst med ein tekopp og noko attåt.. Då kosar eg  meg skikkeleg! Det hender at eit nytt blad kan ligge i fleire dagar før eg finn rette stunda (kanskje ikkje så rart når ein har 4 born i hus...)

Eg har tenkt litt på kven eg skal sende awarden vidare til. Det er mange flotte bloggar å velge i. Her er nokre av dei eg synest er veldig fine: MONOme, Lykkeliten studio, Krukkehuset, Huset ved bekken og Haust.
Eg er litt forsiktig av meg, og sidan det er ferietid så vil eg sei det slik: Dersom dei har lyst og overskot så må dei også gjerne skrive 7 kjappe om seg sjølv. Om ikkje so let dei vere.:)