Viser innlegg med etiketten kjolar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjolar. Vis alle innlegg

torsdag 5. august 2010

Sommarkjolar ♥




Det vert lite tid til å sy no når vi kosar oss og har ferie. Desse kjolane sydde eg tidlegare i sommar, då min kjære tok med seg dei søte små på hytta saman med besteforeldra. Eg reknar med at eg er i gong igjen om litt. Minstemora skal byrje i barnehage neste mandag, det vert litt rart, man gjett om ho er klar.:)
Håper mange får ein slik fin sommardag som det ser ut til at vi skal få i dag.:)
Og kjolane finn du på Krukkehuset.:)

torsdag 15. juli 2010

Kjolar


Siste veka har eg sydd kvart ledige augeblink. Min kjære tok med borna på hytta eit par dagar slik at eg skulle kome i hamn med prosjektet mitt ♥ No heng fleire nye kjolar klare for Krukkehuset.:)
Det vart ingen bileter av dei ferdige kjolane, sidan dei ikkje vart ferdige før langt på kveld. Det får kome seinare. Eg rakk å ta desse bileta før det mørkna tidlegare i kveld. Så de får iallefall ein liten smakebit.

Eg må inrømme at eg har litt dårleg samvit for alle de som har vore innom her hjå meg i det siste og lagt igjen kommentar. Eg likar å ta meg tid til å stikke ein tur innom og sjå korleis de har det, men no dei siste vekene har eg ikkje hatt tid. Eg lovar eg skal ta det igjen om litt når ting roar seg her hjå meg.:)

God sommar alle saman :)

mandag 24. august 2009

Fleire kjolar

Her er litt fleire av kjolane eg har laga. Det har vorte litt dei siste vekene og meir er undervegs. Eg har hovudet fullt av idear som vil ut.:) Den som hadde hatt litt meir tid..

Gulruta kjole med grønt favorittstoff 
på armane. Der grøne stoffer kjem 
frå tante Ruth sine gamle putevar. 
Eit heilt nydeleg stoff! 
   
 
Det grønruta stoffet fann eg på loftet 
til mamma og pappa. Mamma er 
tidlegare sydame og har sikkert hatt 
planar for det ein gong. Systera mi 
synest det minte henne om forkleda 
frå heimkunnskapen.. Eg synest det 
vart veldig fint saman med det nye 
raude stoffet eg fann.  



Bilkjolen trur eg kjem til å passe veldig 
fint til ei lita trulte. 

  
  
Soppkjole. Ein av mine haustfavorittar.

 
Detalj frå soppkjolen.
   
 
Den kvite forklekjolen med lilla og blå blomster er laga 
av eit gamalt dynetrekk eg fekk av tante Ruth. 

 
Vendbar forklekjole som er laga av ei 
raud fløyelsskjorte frå ungdomstida 
mi og ein gamal ruta duk