Viser innlegg med etiketten blogglotteri. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blogglotteri. Vis alle innlegg

mandag 27. desember 2010

Kjekke overraskingar ♥

Før jul var eg så heldig å vinne i 3 blogglotteri!! Eg har spøka litt med at eg eigentleg heller burde ha tippa lotto i denne perioden… Men når alt kjem til alt er eg veldig glad for at eg ikkje gjorde det.;) Når premiane begynte å dukke opp i postkassa vart eg berre så utruleg glad og følte meg veldig heldig ♥

Nylig oppdatert

Det nydelige tre-girlanderet vann eg hjå Sølvi som har bloggen En støvel og en sko. I tillegg til det fine girlanderet fekk eg denne fine julepynten laga av papir med heklekant rundt ♥ Tusen tusen takk Sølvi!

Nylig oppdatert2

Denne supersøte lilla veska vann eg på bloggen til Frk. Fjong. Den var berre utruleg fin, og eg var ikkje den einaste som synest det… Lisje Alma synest veska passa perfekt til henne og dei tinga ho til ei kvar tid treng å ha med seg hit og dit… Ho hadde veska med seg på besøk til Farmor, som er Fru Lilla i eigen person, og eg trur ho også godt kunne tenkt seg den veska!! Tusen tusen takk til Frk. Fjong ♥

Nylig oppdatert20

Det siste blogglotteriet eg vann var på bloggen Sheneligans. Der fekk eg velge meg ein av alle dei fine plakatane du finn i epla-butikken deira :) Valget fall på denne plakaten av solsystemet. Biletet er henta frå epla-butikken, eg har enno ikkje pakka ut plakaten, tenkte eg skulle ha ramma klar fyrst. Tusen tusen takk ♥

Nylig oppdatert17

Ellers tenkte eg at eg skulle vise fram eit bilete av den fantastiske lampen som eg var så heldig å snuble over på den lokale bruktbutikken!!! Den ser heit ubrukt ut, til og med pærene som var i lampen virkar!! Den passa perfekt inn i kråa i stova vår ♥ Av og til skal ein ha litt flaks :)

God romjul til alle!

fredag 19. november 2010

God helg ♥

Nylig oppdatert22

Nylig oppdatert21

Det vert ikkje mykje tid til blogging for tida, kvart ledige augneblink går med til å klippe og sy. Det er for det meste nye nåler og englar som ser dagens lys, men eg har planar om litt anna også, dersom eg får tid… Tenkte berre eg skulle vise kva vinnarane av blogglotteriet mitt valte å få i premie.

Dei har allereie mottatt pakkane sine, og det virkar som dei vart fornøgde.:)

Ha ei god helg ♥

fredag 12. november 2010

Og vinnaren er…..

Eg må berre seie tusen takk til alle de som har vore med på Blogglotteriet mitt!

112 kjekke, søte og fine kommentarar er slettes ikkje verst!!

No har eg i samarbeid med Knut, min ivrige og velvillige 4 åring, trekt vinnarane av lotteriet. Han var eigentleg mest oppteken av å finne sin lapp… Noko han no i ettertid meiner han har gjort... Vi klarte i allefall å trekke vinnarane før han begynte å “lese” på lappane i boksa.

Vinnar av fyrstepremien, ein valfri engel, er  Mie med bloggen Mies Mirakler.

Vinnar av andrepremien, ei valfri nål, er Rariteten/Cafelatter.

Vinnar av tredjepremien, ei valfri nål, er Vibeke med bloggen Handmade Vibeke.

Nylig oppdatert20

Gratulerer så mykje til alle tre!

Knut driv å trekk lappar enda, og eg skulle ønskje at fleire kunne vinne eg og..

Ha ei god helg alle saman!

mandag 11. oktober 2010

Blogglotteri

IMG_1750-1 Eg har lenge skulla stellt i stand eit blogglotteri her på bloggen min, og no endeleg vart det noko av. Eg har runda 15 000 besøkande, eg har passert 50 fyljarar og det er over eit år sidan eg ga meg ut på reisa her i bloggverda. Mykje å feire med andre ord.:)
Fyrstepremien er ein valfri engel frå eplabutikken eller bloggbutikken min. Det går også å ønskje seg ein utgave av ein engel eg har laga før.
Andre og tredje-premien er ei valfri nål frå  Eplabutikken eller bloggbutikken min. Der gjeld det same, det er lov å kome med ønskjer basert på nåler som eg har laga tidlegare.
Alle som vil kan sjølvsagt ta del, og slik gjer du det:
Du får 1 lodd om du legg att ein kommentar under dette innlegget (hugs navn om du kommenterer som anonym).
Du får 1 lodd ved å leggje deg til som fylgjar.
Du får 1 lodd ved å linke til blogglotteriet på din blogg.    
Du får 1 lodd ved å sette bloggen min på di bloggliste.
Til sammen kan du altså få 4 lodd
Vinnaren vert trekt fredag 12 november
Lukke til!