søndag 24. oktober 2010

Veninnehelg ♥

I helga har vi hatt besøk av ei skjønn veninne frå Oslo.:) Vi har kosa oss meg god mat og vore på bytur der blant anna Krukkehuset stod høgt på lista. Vi har også vore på glaslaging i Gjerdsvika, noko som er like kjekt kvar gong vi er der!Nylig oppdatert12 Nylig oppdatert13Englar , nåler, erteposar og englevingar fekk bein å gå på, so no er det berre å henge i framover mot Jul!

Ikkje gløym blogglotteriet mitt!

Ha ei god veke alle saman.:)  

Foto frå Krukkehuset: Bjørg Hofset

onsdag 20. oktober 2010

Tid…

Det går fort i svingane her for tida, og bloggen vert litt forsømd. No er det born og jobb som står i fyrste rekke, også prøver eg å sjå på min kjære nokre gongar for dag.. Ellers så prøver eg å få sy litt innimellom, kanskje litt meir enn innimellom! Eg kjenner trykket no fram mot jul, messer og anna eg skal ta del på..

Kjekt å sjå at så menge vil ta del i blogglotteriet mitt.:) Eg har vore innom alle som er med på lotteriet, mange flotte bloggar eg skal sjå nærmare på etterkvart! Og de som ikkje er med enno, heng dykk på.:)

Her ser du litt av det eg har heldt på med dei siste vekene. Det har vorte nokre varmeputer og ei pute som eg skal gi vekk i gåve.

Ha ei fin veke vidare.:)

IMG_1851

IMG_1861 IMG_1867 IMG_1881 IMG_1882

mandag 11. oktober 2010

Blogglotteri

IMG_1750-1 Eg har lenge skulla stellt i stand eit blogglotteri her på bloggen min, og no endeleg vart det noko av. Eg har runda 15 000 besøkande, eg har passert 50 fyljarar og det er over eit år sidan eg ga meg ut på reisa her i bloggverda. Mykje å feire med andre ord.:)
Fyrstepremien er ein valfri engel frå eplabutikken eller bloggbutikken min. Det går også å ønskje seg ein utgave av ein engel eg har laga før.
Andre og tredje-premien er ei valfri nål frå  Eplabutikken eller bloggbutikken min. Der gjeld det same, det er lov å kome med ønskjer basert på nåler som eg har laga tidlegare.
Alle som vil kan sjølvsagt ta del, og slik gjer du det:
Du får 1 lodd om du legg att ein kommentar under dette innlegget (hugs navn om du kommenterer som anonym).
Du får 1 lodd ved å leggje deg til som fylgjar.
Du får 1 lodd ved å linke til blogglotteriet på din blogg.    
Du får 1 lodd ved å sette bloggen min på di bloggliste.
Til sammen kan du altså få 4 lodd
Vinnaren vert trekt fredag 12 november
Lukke til!

onsdag 6. oktober 2010

Nye nåler

I det siste har symaskina gått utan stans og det har kome til eindel nye nåler. Desse vil snart vere tilgjengelege i Eplabutikken min og på Krukkehuset.IMG_1618   IMG_1616IMG_1624 IMG_1675 IMG_1681 IMG_1689 IMG_1602 IMG_1604

Eg har også laga eit par varmeputer, noko eg vart veldig fornøgd med. Denne har trekk i bomull og innerpute i lin. Det vert nok fleire av denne sorten!IMG_1605 IMG_1607 IMG_1608 IMG_1610

I går melde eg meg på Julegata i Moloveien. Eg har høyrt så mykje fint om denne messa. Den finn stad i Moloveien i Ålesund fyrste søndag i advent, og skal vere utruleg stemningsfull. Gleder meg til å ta del men veit at det kan verte litt hektisk før ei slik messe. Det er derfor symaskina går i eitt no om dagen. Må prøve å lage opp eindel i god tid, slik at eg har litt å selje.

Håper alle får ein fin kveld!

søndag 3. oktober 2010

Ruskever og loppemarknad

I dag har eg vore på tur i ruskeveret saman med lisje Almapalmaen min og mormor. Tilfeldigvis opna ein loppemarknad rett i nærleiken akkurat i det vi var ferdig med turen vår.:) Det vart ikkje store utbyttet, men eg fekk med meg heim ei nydeleg lita sukkerskål (I tillegg til superheltdrakt til fire-åringen og teikneseriar i same kategori til sju-åringen, ja og forresten to permar Alt om handarbeide frå 70-talet :). IMG_1597 IMG_1596 Det var no kanskje ikkje so verst. Men eg er no alltid på leit etter retrosengesett eller gardiner, og når eg ikkje finn det vert eg litt skuffa..

Men så er eg so heldig å ha veninner som tenker på meg! Dette fine stoffet skal eg lage ei nål av til mi vakre og fargeglade veninne. Ho har nålene mine i dei fleste fargar og ville gjerne ha ei til som ho kunne bruke til brunt. IMG_1598 Dette stoffet fekk eg også av henne.IMG_1600 Og dette  ♥IMG_1027 Ha ei god haustferieveke alle saman ♥