tirsdag 31. august 2010

Smakebitar frå København


DSC03899
DSC03906 Nåler på tur.:) Mi gode veninne med almaPalmanål.
DSC03927 Sykkeltur
DSC03918 Nyhavnen
DSC03945
Denne butikken snubla vi tilfeldigvis over, men det viste seg etterpå at den stod på lista vår.:)DSC03935 Nokre meter av desse fine banda måtte eg ha.
DSC03937 Denne vart med heim.
DSC03943
DSC03958 Susan Liebe sin butikk.
DSC03951 Grønlykke
DSC03949
Søstrene Grene
Ein av dei tinga vi skulle få med oss i Køben var loppemarked. Men det skulle vise seg at forarbeidet ikkje var gjort grundig nok… Enden på visa var at vi ga oss på heile greia. Målet med turen var i all hovudsak at vi skulle få tid i lag, så då får vi ta igjen loppemarkeda ein annan gong.

torsdag 26. august 2010

København

Då står årets jentetur for døra. I år er turen lagt til København.:) Alt er pakka og klart og om 5 min kjem min kjære pappa og hentar meg. Gjett om eg gleder meg...
God helg alle saman!

lørdag 21. august 2010

Hipp hurra!

IMG_0914 IMG_0908 I morgon fyller størsteguten 7 år og då ønska han seg sjølvsagt vimplar slik som lisjebror fekk for litt sidan då han fyllte år. Lisjebror elskar blått, og måtte ha mykje blått i si vimpelrekke. Storebror er veldig glad i grønt så vimpelrekka hans vart i hovudsak grøn.
Det er rart å sjå kor glade dei vert for det som eg har laga til dei! Det undrar meg eigentleg litt, men mest av alt gjer det meg utruleg glad!

torsdag 19. august 2010

Endeleg kom sommaren…


IMG_0883
IMG_0875
epla_16aug_2010
epla_17aug
I det siste har vi i denne delen av landet hatt tempraturar som  minner meir om syden enn om sunnmøre. Vi nyt dagane, og oppheld oss stort sett ute.:) Det vert ikkje mykje tid til sying akkurat no, men eg håper på å få bedre tid etterkvart.
Eg var på framsida til Epla to dagar på rad her for litt sida og det vart eg utruleg glad for! Stor stas er det!! Takk til MONOme som tok meg med blant sine favorittar.:) Eg har no nokre favorittar hjå henne og!  Eg håper eg snart får tid til å fylle opp litt i Eplabutikken min. Det meste av det eg lagar fer for tida til Krukkehuset.
Ha ein fin kveld alle saman.:)

lørdag 14. august 2010

Sofa

Sofaen vår treng sårt eit nytt trekk! Vi oppdaga for litt tilbake at den velbrukte Ikeasofaen vår (2 år gamal) hadde gått ut av sortimentet, saman med trekka som vi så gjerne skulle hatt fleire av. Eg var ganske lang i maska der eg stod, på Ikea Åsane, og fekk fortalt at trekka ikkje var å oppdrive! Når vi endeleg hadde kome oss til Ikea (det er eit bra stykke til nermaste Ikea frå der vi bur), eine og åleine for å få nye trekk til sofaen (nesten då, det stod i allefall høgt på lista!), så var der ikkje fleire igjen!
No ser det i midlertid bedre ut for sofaen vår og oss. Forrige veke bestilte eg stoffprøver frå Bemz, og i dag låg dei i postkassa.:) Trur kanskje vi må ha to trekk når vi fyrst er i gang... Det grasgrøne er ein klar favoritt, ganske likt det trekket vi ville ha då vi kjøpte sofaen, men som då hadde gått ut av sortimentet. Når det gjeld trekk nummer to trur eg det må bli enten fuchsia eller petrol. Herleg og fargerikt skal det i allefall bli.:)
God helg alle saman!

torsdag 12. august 2010

Du og du kor tida går…

…no er Knut 4 år
hjarteleg til lukke.:)
IMG_0720
Dagen starta tradisjonen tru med muffins og gåve på senga.
IMG_0730 IMG_0727 IMG_0775 IMG_0752
Vimplar måtte vi ha.
IMG_0759
Kake!
IMG_0734 
IMG_0779
Og søte blomar fekk han av veninna til eldstejenta ♥

torsdag 5. august 2010

Sommarkjolar ♥




Det vert lite tid til å sy no når vi kosar oss og har ferie. Desse kjolane sydde eg tidlegare i sommar, då min kjære tok med seg dei søte små på hytta saman med besteforeldra. Eg reknar med at eg er i gong igjen om litt. Minstemora skal byrje i barnehage neste mandag, det vert litt rart, man gjett om ho er klar.:)
Håper mange får ein slik fin sommardag som det ser ut til at vi skal få i dag.:)
Og kjolane finn du på Krukkehuset.:)

mandag 2. august 2010

Byttehandel

For litt tilbake inngjekk eg ein byttehandel med Hilde Iren (MONOme).
Rett før ferien fekk eg desse nydelege smykka i posten.:) I tilleg til smykka eg hadde bestillt, fekk eg øyrepynt som passa til!
Gjett om eg er fornøgd! Tusen takk Hilde Iren.:)
På det nederste bildet ser du det Hilde Iren fekk frå meg.
(Koppen du ser på biletet er og eit resultat av ein byttehandel. Den er laga av Ingeborg Rørvik Lejon som driv Mekko i Volda. Eg fekk denne og ein kopp i turkis, tilbake fekk ho ei tovaveske. Men det byrjar bli ei stund sidan no...)

Eg ser at eg i løpet av ferien har passert 10 000 besøkande. Det er også omtrent eit år sidan eg starta her på bloggen min. Eg synest difor det er på tide med ein giveaway.:) Eg treng berre litt tid på meg fyrst..
Så hald augene opne i tida framover.:)