tirsdag 30. mars 2010

Påskehøner


































































I dag drog resten av hønene mine ned til Krukkehuset.
Litt seint, men sånn er det her i den livlige heimen vår,
ikkje alt går etter planen..

fredag 26. mars 2010

Hønepøne



































Då var årets eggehøner ferdige. Iallefall nokre av dei.
Det har vorte nokre høner dei siste åra..
Denne gongen har dei fått litt ny utsjånad.
Du finn dei på Krukkehuset.

God påske til alle!


søndag 14. mars 2010

Alle fuglar...

















Fuglane som har vorte laga i det siste.
Nokre av dei i allefall. Dei kjem snart for salg,
eg må berre kome meg til hektene igjen. Vi
har vore sjuke heile gjengen her siste veka..
Godt å kjenne tiltakslysta kome tilbake!

Ha ei god veke!

tirsdag 9. mars 2010

Krukkehuset fekk Kvinneprisen 2010 - Hipp Hurra!

 












Grunngjevinga:
Krukkehuset tek i vare og fornyar kulturarven,
og er eit forbilde på dugnadsånd og fellesskap i lokalsamfunnet.
Kjenn den gode varmen på kalde vinterdagar.
Opplev atmosfæra.
Lær om kvinnerolla og kulturarven gjennom fokus på
tradisjonar, handverk og kreativ idemyldring.

Utruleg kjekt!

Framtidige Krukkedamer:
































Smakebitar frå Krukkehuset:































































































































































Bileta er henta frå Facebook sida til Krukkehuset
og er tekne av Bjørg Hofset og Aina Moldskred Krakset.

lørdag 6. mars 2010

Heldige meg!






























I går fekk eg ein spanande pakke i posten.
Ei veninne frå Oslo sende meg fire sengetrekk
frå barndomsheimen sin utanfor Molde.
Nydelege trekk var det! Eg har allereie fleire
idear om kva dei skal brukast til.

Tusen takk Marta : )

Tenkte også eg skulle vise ein liten smakebit frå mitt
siste prosjekt. Vårfuglar i ulike fargar og mønster.
Eg fann eit mønster i boka Tekstil Hobby som eg
gjorde litt om på. Godt å endeleg få brukt litt idear
frå dei uendeleg mange hobbybøkene eg har...

God helg alle saman!