Viser innlegg med etiketten kjole. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjole. Vis alle innlegg
onsdag 16. desember 2009
fredag 27. november 2009
Grøn kjole & 70-tals gardin
Denne kjolen er laga av grøn lin. Ermane og
detaljane er frå ei 70-tals gardin frå min barndomsheim.
mandag 23. november 2009
Ny kjole
Kjolen er i lin med ermar og motiv frå eit gamalt
dynetrekk. Motivet har eg hatt i hovudet ei stund, veit
ikkje heilt kvar eg har det frå, men eg veit at Aina har
mala eit bilete ein gong som liknar.. Det er godt
mogeleg at det er det som har inspirert meg.
Dynetrekket er også frå Aina.
søndag 18. oktober 2009
Labbe-petter
Denne kjolen vart bestilt av ei veninne, som ville ha ein spesiell kjole som ho skulle gi til systra si. Den skulle vere dus i fargane, og ha eit hundemotiv. Eg laga kjolen i kvit og naturfarga lin. Beina til hunden er i bomull. Øyrene stammar frå eit gamalt dynetrekk. Navnet gav veninna mi kjolen, då ho såg hunden for fyrste gong og kalla han Labbe Petter..
tirsdag 13. oktober 2009
fredag 9. oktober 2009
Nye kjolar
Eg fekk ein forespørsel for eit par veker sidan frå ei veninne.
Ho ville ha ein kjole til jenta si på 4 år. Ho valde ut stoff som
ho likte og eg laga to kjolar av dei. Her er
resultatet. Ho valde den rosa, so då vert den
grøne/brune lagt ut for salg snart. Takk for
inspirasjon Kristin! Soppkjolen vart også vurdert,
derfor fekk den vere med på biletet.:)
søndag 23. august 2009
Min fyrste blogg
I dag gjer eg noko eg ikkje trudde eg kom til å gjere nokon gong. Eg har opretta min eigen blogg. Eg tenkte det kunne vere kjekt å vise andre noko av det eg driv med. Eg har lenge strikka, hekla og tova, men i det siste har eg teke fram symaskina igjen. Her er litt av resultatet.
Eg elskar dette stoffet som kjem frå tante Ruth sitt gamle putevar. Eg skulle ønske eg hadde metervis av det, men i verkelegheita har eg knapt ein halv...
Eg fall for dette bilstoffet med ein gong eg såg det. Perfekt for ei lita trulte.:)
Abonner på:
Innlegg (Atom)