Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg

lørdag 26. november 2011

Julegata i Molovegen

I morgon tek eg turen til Ålesund og skal vere med på Julegata i Molovegen. Eg var der i fjor også, og det var ein utruleg fin opplevelse! God stemning og mykje folk :)

Håper veret ikkje gjer at folk held seg heime.. I fjor var det –10 og nydeleg vinterver, det står berre igjen å sjå kva side veret viser seg frå i morgon.. Uansett vil det bli god stemning inne på fiskerimuseet, det kjenner eg meg trygg på!

Her er litt av det eg kjem til å ta med meg:

2011-11-23 aust_2011eksporterte_bilder

God helg alle saman ♥

lørdag 25. desember 2010

♥ God Jul ♥

Nylig oppdatert12

No er den store kvelden over og roa har enka seg her i heimen. Vi har vore ute og kosa oss i snøen i dag. Gutane har fått prøvd ut nye kjelkar og ski. Stor stas :)

Det raude hjartet du ser over her er laga av jentene som har bloggen Snippen. Dei var i Molovegen saman med meg fyrste helga i advent, og lagar mykje fint! Eg var raskt ute og sikra meg dette nydelege hjartet ♥

Nissane er laga av kunstnarar frå eigen heim :)

Nylig oppdatert1

Her har småkunstnarane i huset utfolda seg i barnehagen ♥ Finst det noko vakrare? Det varmar iallefall mitt hjarte tvers igjennom ♥

Nylig oppdatert5Mamma kom med nydelig flettaloff og valnøttbrød til oss lisje-juleafta. Ho er berre fantastisk ♥

Nylig oppdatert4Julestrømpene klare for Julenissebesøk.:)Nylig oppdatert7

Nylig oppdatert10Nylig oppdatert14

Mamma hadde kosa seg og laga islykter til meg og systra mi no til jul ♥ Ho er så omtenksom og snill!

God Jul til alle ♥

lørdag 27. november 2010

Julegata i Moloveien

Søndag er det klart for Julegata i Moloveien. Eg gleder meg veldig og er litt spent.:)  Eg starta heldigvis produksjonen i god tid før Jul i år, men likevel vart det hektisk no siste vekene.. 

Her er iallefall litt av det eg kjem til å ha med meg til Ålesund på søndag.

Nylig oppdatert23

Nålene mine.Nylig oppdatert24

Englar, hjarter og julefuglar.05.11Erteposar i mange fargar og variantar.

Ellers tek eg med puter, julestrømper, varmeputer og kanskje nokre høner.

God helg alle saman!

Håper eg ser nokre av dykk på søndag.:)

torsdag 11. november 2010

Ein dag igjen!

Då er det snart klart for trekning av blogglotteriet mitt, og eg må berre seie at eg er utruleg glad for at så mange ville ta del!! Det hadde eg ikkje venta. Veldig kjekt.:)

No har eg akkurat sett mannen til å klippe lappar til meg. Eg innser no at det skulle eg gjort tidlegare slik at eg kunne ha laga lodda etterkvart, men eg tenkte nok ikkje på kor mange lodd det kom til å bli tilslutt…. Jaja trekning skal det iallefall verte det er no heilt sikkert, eg har no eit heilt døgn på meg.:)

Dei som enno ikkje har meldt seg på har framleis moglegheit fram til kl. 20.00 i morgon kveld.

Idag har eg levert frå meg den gjengen med nåler du ser under her. Dei har reist til Gamleskulen på Eikrem, som ligg i Sula kommune. Dei flinke og kjekke damene der opnar dørene til julehuset sitt no på laurdag og held ope laurdag og søndag fram mot jul. Gleder meg veldig til å kome å sjå kva dei har fått til!

IMG_2150

IMG_2134

Ellers har eg vore to gonger blant forelskelsane på framsida av epla dei siste dagane. Det er stor stas! Tusen takk til Silje med butikken It’sok og Maria med butikken TheLittleBox.epla_9nov_2010

epla_11nov_2010

Eg startar på loddskrivinga no, so sjåast vi i morgon kveld.:)

Ha det fint så lenge!