fredag 10. september 2010

Sjå min kjole

DSC03992DSC03996DSC03977
Denne helga skal eg vere med på motevisning på Bjørke, saman med ein gjeng flotte og flinke damer. Det er det erverdige Bakketunet på Bjørke som er staden det skjer.  I høve kulturminnedagen har Marita Bett Jensen teke initiativ og invitert oss til å ta del. Ho har verkeleg gjort ein kjempejobb for å få dette til å bli ein realitet. Vi vil vise fram kjolar for vaksne og born og i tillegg vil kufjøs, stabbur og kammers verte nytta som utstillingsarena og sal av handverksprodukta vi lagar. Dei som skal vere med er: Elin Grethe Haddal (Lappelina), Monica Skare (Mo9ca Design), Cathrine Yksnøy (CatY), Sølvi Myklebust (Fru My), Wenche Haddal, Ann Kristin Amdam og eg (almaPalma).
Det vert servert brennsnut med flatbrød for dei som vert svoltne. Riding vert det for både store og små. Ellers vert det loppemarknad og auksjon på nabogarden der Mork antikk held hus. Eg oppmodar alle til å ta turen til Bjørke søndag. 
No må eg sy vidare….
God helg alle saman!

15 kommentarer:

  1. Masse lykke til og kos deg såå masse:)

    Klem

    SvarSlett
  2. Tusen millionar takk! Gleder meg, men er litt stressa..
    Klem til deg!

    SvarSlett
  3. Eg har veldig lyst til å møte opp. Men mannen er vekkreist og eg har ingen barnevakt desverre.
    Håpar dette vert ein anna gong også.

    I dag var eg og besøkte krukkehuset. Alltid like kjekt og koselig :)
    Ha ei fin helg
    Klem

    SvarSlett
  4. Hei igjen. Så plutselig at dette skulle være kl 13
    Trodde det skulle være om kvelden.....
    Jaja...litt distre her eg sit. trøtt og sliten. På veg til sengs.
    Men på søndag er vi invetert i barneselskap på dagtid. Så eg håpa på gjentakelse :)
    Klem

    SvarSlett
  5. Unni, brennsnut er det same som grønnsaksuppe. Den er no ofte sopass varm at ein brenn snuten sin.... Veit ikkje heilt om det er opphavet til namnet da men.. Lokalt namn på den retten forstår eg.:)
    Synd du ikkje kan kome Anna Lisa! Vi får håpe på gjentakelse! Ser ut til at det kjem mykje folk.

    SvarSlett
  6. Så flott!!!

    Der kunne eg tenkt meg å vore gitt :o)

    Barra elske det skjørtet ditt altså! Du e så flink!

    Lykke til med visning :o)

    SvarSlett
  7. Hallais!
    Lånte bilder av nåken av brosjene dine og skrøyt litt av deg eg nå i dag, men kom plutselig på at eg ikkje hadde spurt om lov fysst... Håpe det går bra!

    SvarSlett
  8. Takk for fine ord og lykkeønskningar! Det har vore ein flotte men hektisk dag. Mykje folk tok turen til Bjørke i dag, og veret var på vår side.:) Kjekke og blide folk, god stemning og flinke manekengar. Hadde med meg 7 nydelige jenter og så Knuten min, som også måtte vere med. Han fekk på seg englevengar, som eg hadde laga, og var veldig fornøgd med det! Veldig flinke var dei alle saman! No kjenner eg det har vore hektisk i det siste, og må nok snart finne senga....
    Ha ein fin søndagskveld!

    SvarSlett
  9. Og Namaste: Det går heilt fint! Kor kjekk du er.:)

    SvarSlett
  10. Så gøy med moteshow!
    Håper det gikk kjempefint! Er alt hjemmesydd)
    Lilli

    SvarSlett
  11. Eg var der og vart slett ikkje skuffa. Så flinke dokke e.Kjempekjekt at så masse folk kom. Flytta frå bygda for lenge sida, men finn stadig på å besøke den og er sjølvsagt veldig stolt av at dei er så kreativ der inne. Så takk til dokke alle, og ikkje minst takk til Marita Bett. .Skulla så gjerne smakt på brennsnuten, men tida strakk ikkje til
    Helsing Unni

    SvarSlett
  12. Phuh!!!
    Nå blei eg letta jammen! Det går litt fort i svingen av og te vettu, og då klare en ikkje alltid å tenka på alt :o)

    SvarSlett
  13. Ja alt som vart vist fram på motevisninga på Bjørke søndag var heimelaga Lilli.
    Og Unni: Marita Bett har gjort ein kjempejobb! Kjekt at det kom så mykje folk og at dagen vart så vellykka.:) Eg fekk meg heller ikkje brennsnut, det vart ikkje tid. Men eg forstod det slik at den fekk bein å gå på! Kakene også for den del. Utruleg kjekt å få ta del på noko slikt synest eg. Tusen takk for den gode tilbakemeldinga ♥ det varmar!

    SvarSlett