fredag 23. desember 2011

Klart eg kan!

No er det like før det brakar laust her.. ..då snakkar eg ikkje om juleafta, men sending av serien “Klart eg kan”.  Vel den er vel eigentleg i gang allereide. I dag tidleg såg vi fyrste episode i Julemorgon på nrksuper!! Gjett om det var jubel i stova. Vi har vel nesten fått eit eigeforhold til serien:)

Vi har ei gut i hus som er veldig spent og stolt. Vi har fått snik-kika på serien, sidan vi fekk han i posten for litt sidan, og er veldig fornøgde!!

Musikkvideoen finn du her :)

Søndag hadde vi visning av Per si episode på Hakallegarden. Det kom mykje folk og dei humra og kosa seg under visninga. Per serverte forfriskningar til alle som hadde teke turen og applausen stod i taket då filmen var slutt. Kjekt:)

Mandag var vi på sleppfest på Operahuset i Norfjoreid. Det var utruleg kjekt! Alle dei flotte borna som har vore med på serien var samla. Du ser heile gjengen her:)

Her ser du nokre bilete frå innspelinga av Per si episode:

041157

179

Per si episode skal visast 27. desember klokka 8.30. Vi gledar oss stort!!

God Jul ♥

5 kommentarer:

  1. Så artig - både for guten og dokke! Skal prøve å få med meg den episoden!

    Vil ønske deg ei flott jul - og så bloggast me i det nye året:-)

    Klem

    SvarSlett
  2. Skal sette på vekking så eg får med meg Knut i morgon :) God jul til deg og dine, kjem nyttårskort etterkvart ;)

    SvarSlett
  3. Hei Kristin. Du har vunne give-awayen min. Så morsomt at det blei akkurat du. Kjempeflott om du kan sende meg adressa di:)Goood helg. Klem:)

    SvarSlett
  4. Hei Kristin!
    Dessverre fikk vi ikke sett denne episoden, selv om vi hadde kryssa av i kalenderen. Vi var i Vanylven, men hadde ikke strøm. Tror du den ligger på Nett-TV et sted?
    Tusen takk for koselig hilsen her forleden - ble så glad for at du husket meg da du pakket ut julepynten :-)
    Det ble heller ingen tur til Hakallegarden i romjula, synd, for jeg hadde tenkt å ta med min søster også.
    Ha en fin-fin uke.
    Klemmer :-)

    SvarSlett
  5. Hei :)
    Så utruleg artig å lese om Per her! :) Og gratulerer med kjempeflink tv-kjendis :) Akkurat Per si episode er ein gjengangar her i huset, då ungane elskar Klart eg kan!-serien :) Og Her er eg - mellom mange andre seriar som mamma set på opptak, nettopp fordi dei er nynorske :) Og veldig sjarmerande :)
    Du må gjerne sende Per ei helsing frå Malin - då vert i alle fall ho veldig fornøgd ;)
    Fin blogg du har òg :)
    Klem, Kristin

    SvarSlett