onsdag 26. mai 2010

Måleri




I det siste har det vorte lite tid framfor symaskina.
Eg har kjent på at eg har hatt behov for å gjere noko anna..
Då eg tok grunnfag i Kunst og Handverk i Volda hadde eg
ein fantastisk lærar i teikning (vi mala for det meste, det
er i allefall det eg hugsar..). Ho heitte Bodil Wiegaard og eg
hugsar korleis ho inspirerte og oppmuntra oss elevane.

Eg har sidan, i periodar, hatt behov for å leite fram malesakene.
Denne gangen var det faktisk ei veninne av meg som gjorde
at eg byrja male. Ho ville ha eit bilete over sofaen og ho
utfordra meg til å male det. Eg angra litt undervegs, det
er ikkje så lett å lage maleri på bestilling. Men utfallet vart
bra, både ho og eg vart fornøgde. Dette gav meg litt sjølvtillit,
så eg mala nokre bileter til utstillinga som åpnar på
Krukkehuset i dag også.:)

8 kommentarer:

  1. Eg har også hatt Bodil Wiegaard som lærar, og ja; ho er fantastisk inspirerande!

    Herlege måleri!

    Ha ein fortsatt god onsdag! :)

    SvarSlett
  2. Tusen takk skal du ha!
    Kor artig! Verda er ikkje så stor.:)

    Ha ein god dag du også!

    SvarSlett
  3. sikke nogle skønne, skønne malerier, dejlige penselstrøg, komposition og farver.
    Stine:)

    SvarSlett
  4. Du er så flink, Kristin! Alt du lagar er så utruleg bra. Det viste att i kveld på opninga av kunstutstillinga på Krukkehuset. Stå på vidare! Det var kjekt å treffe deg! Klem

    SvarSlett
  5. Kor lekkert det øvste maleriet er!!!

    Eit herlig lys, som når det skin av etter ein bekmørk tordensky.

    Dette må du gjer meir av, -det også ;)

    SvarSlett
  6. Som vanleg så "bompa" eg borti deg på ein butikk... og som alltid så slår vi av ein hyggelig prat, alltid like koselig ;) Nydelige bilder Kristin, eg ser det at eg må ta meg ein tur innom Krukkehuset veldig snart! :) stå på!! ;)

    SvarSlett
  7. takk for fin kommentar :)) så du var vist på EPLA sine forelskelser dagen etterpå, det er litt stas :)
    - flotte malerier! gøy å gjøre noe annet som et avbrekk, og gøy når resultatet blir bra!
    Har stadig vekk lyst på en brosje fra deg men får liksom ikke bestemt meg... men skal se jeg får ut fingeren og bestiller en ganske snart, de er så fine!
    Klem Hilde Iren

    SvarSlett
  8. Kor skjønne de er ♥ Tusen takk for fine, kjekke og inspirerande kommentarar.:) Eg vart så glad og så rørt når eg las kommentarane. Det betyr veldig mykje for meg å få så god tilbakemelding ♥
    Ellers gjekk det bra på utstillinga. Eg selde to bilder og eitt til no i helga, so eg er veldig fornøgd!

    God klem til dokke alle saman :)

    SvarSlett