
Eg har lenge skulla stellt i stand eit blogglotteri her på bloggen min, og no endeleg vart det noko av. Eg har runda 15 000 besøkande, eg har passert 50 fyljarar og det er over eit år sidan eg ga meg ut på reisa her i bloggverda. Mykje å feire med andre ord.:)
Fyrstepremien er ein valfri
engel frå
eplabutikken eller
bloggbutikken min. Det går også å ønskje seg ein utgave av ein engel eg har
laga før.
Andre og
tredje-premien er ei valfri
nål frå
Eplabutikken eller
bloggbutikken min. Der gjeld det same, det er lov å kome med ønskjer basert på nåler som eg har laga
tidlegare.
Alle som vil kan sjølvsagt ta del, og slik gjer du det:
Du får 1 lodd om du legg att ein kommentar under dette innlegget (hugs navn om du kommenterer som anonym).
Du får 1 lodd ved å leggje deg til som fylgjar.
Du får 1 lodd ved å linke til blogglotteriet på din blogg.
Du får 1 lodd ved å sette bloggen min på di bloggliste.
Til sammen kan du altså få 4 lodd
Vinnaren vert trekt fredag 12 november
Lukke til!