lørdag 27. november 2010

Julegata i Moloveien

Søndag er det klart for Julegata i Moloveien. Eg gleder meg veldig og er litt spent.:)  Eg starta heldigvis produksjonen i god tid før Jul i år, men likevel vart det hektisk no siste vekene.. 

Her er iallefall litt av det eg kjem til å ha med meg til Ålesund på søndag.

Nylig oppdatert23

Nålene mine.Nylig oppdatert24

Englar, hjarter og julefuglar.05.11Erteposar i mange fargar og variantar.

Ellers tek eg med puter, julestrømper, varmeputer og kanskje nokre høner.

God helg alle saman!

Håper eg ser nokre av dykk på søndag.:)

fredag 19. november 2010

God helg ♥

Nylig oppdatert22

Nylig oppdatert21

Det vert ikkje mykje tid til blogging for tida, kvart ledige augneblink går med til å klippe og sy. Det er for det meste nye nåler og englar som ser dagens lys, men eg har planar om litt anna også, dersom eg får tid… Tenkte berre eg skulle vise kva vinnarane av blogglotteriet mitt valte å få i premie.

Dei har allereie mottatt pakkane sine, og det virkar som dei vart fornøgde.:)

Ha ei god helg ♥

fredag 12. november 2010

Og vinnaren er…..

Eg må berre seie tusen takk til alle de som har vore med på Blogglotteriet mitt!

112 kjekke, søte og fine kommentarar er slettes ikkje verst!!

No har eg i samarbeid med Knut, min ivrige og velvillige 4 åring, trekt vinnarane av lotteriet. Han var eigentleg mest oppteken av å finne sin lapp… Noko han no i ettertid meiner han har gjort... Vi klarte i allefall å trekke vinnarane før han begynte å “lese” på lappane i boksa.

Vinnar av fyrstepremien, ein valfri engel, er  Mie med bloggen Mies Mirakler.

Vinnar av andrepremien, ei valfri nål, er Rariteten/Cafelatter.

Vinnar av tredjepremien, ei valfri nål, er Vibeke med bloggen Handmade Vibeke.

Nylig oppdatert20

Gratulerer så mykje til alle tre!

Knut driv å trekk lappar enda, og eg skulle ønskje at fleire kunne vinne eg og..

Ha ei god helg alle saman!

torsdag 11. november 2010

Ein dag igjen!

Då er det snart klart for trekning av blogglotteriet mitt, og eg må berre seie at eg er utruleg glad for at så mange ville ta del!! Det hadde eg ikkje venta. Veldig kjekt.:)

No har eg akkurat sett mannen til å klippe lappar til meg. Eg innser no at det skulle eg gjort tidlegare slik at eg kunne ha laga lodda etterkvart, men eg tenkte nok ikkje på kor mange lodd det kom til å bli tilslutt…. Jaja trekning skal det iallefall verte det er no heilt sikkert, eg har no eit heilt døgn på meg.:)

Dei som enno ikkje har meldt seg på har framleis moglegheit fram til kl. 20.00 i morgon kveld.

Idag har eg levert frå meg den gjengen med nåler du ser under her. Dei har reist til Gamleskulen på Eikrem, som ligg i Sula kommune. Dei flinke og kjekke damene der opnar dørene til julehuset sitt no på laurdag og held ope laurdag og søndag fram mot jul. Gleder meg veldig til å kome å sjå kva dei har fått til!

IMG_2150

IMG_2134

Ellers har eg vore to gonger blant forelskelsane på framsida av epla dei siste dagane. Det er stor stas! Tusen takk til Silje med butikken It’sok og Maria med butikken TheLittleBox.epla_9nov_2010

epla_11nov_2010

Eg startar på loddskrivinga no, so sjåast vi i morgon kveld.:)

Ha det fint så lenge!

fredag 5. november 2010

Forbredelsar

I år har eg vore ganske flink til å begynne tidleg med  dei tinga som skal vere til salgs no til jul. Denne veka er det nåler det har gått i.

IMG_2129

IMG_2127

IMG_2132

Erteposar såg dagens lys for eit par veker sidan,IMG_2077

IMG_2118

og puter enda før det igjen.IMG_2041

IMG_2064

IMG_2069

IMG_2054

IMG_2052

Det neste er englar, men fyrst er det ganskje mange nåler som skal syast..

Men aller fyrst skal eg og lisje-alma leike litt med erteposen ho fekk seg! Du og du for ein stas å få slikt som mamma har sydd!

Og hugs blogglotteriet mitt! Ei veke igjen til trekning.:)

Ha ei god helg alle saman!

onsdag 3. november 2010

Epla

Det er hektiske dagar (synest kanskje det byrjar bli eit gjengangstema her på bloggen min..). Eg håper på bedre tider. No er kontaktmøta unnagjort og årets siste bursdag er feira, so då vert det vel bedre tider.:) Eg har vore lite på nett i det siste og når eg har vore her vert det berre raske turar innom favorittane mine. Eg har knappast lagt igjen ein kommentar hjå nokon..

Eg vil takke alle de som har vore innom meg og lagt att kommentarar! Det set eg utruleg stor pris på!

Eg vart veldig glad då eg oppdaga at adventsengelen min var blandt dagens Eplafavorittar i dag.:) Tusen takk til Marit, Therese og Ann Helen med butikken Pistasje. epla_03november2010

Ha ei fin veke alle saman!