søndag 13. mars 2011

Ein fin dag!

I dag har vi hatt ein nydeleg dag på Hakallegarden

 ♥ Vi feira dobbel bursdag for dei to flotte

damene der, gardakjeringa og odelstausa ♥

Vi var innom og helste på alle dyra og ein av minigrisane hadde fått to nydelege små grisungar! Det vart grilling av pylser m.m. i lavoen. Vi var nede på stranda og leika med båtar og teikna i sanden :)  Og sjølvsagt eit ekte sunnmørsk kaffislaberas til slutt!

Og gåver sjølvsagt! Eg har endeleg funne fram symaskina igjen og sydde odelstausa blyantetui og veske til å ha etui og tegneblokk oppi.

Nylig oppdatert29

Alma var så fornøgd med gåva vi skulle gi til syskenbarnet at ho helst ville ha den sjølv…

Eg måtte love å sy sameleis til henne før ho klarte å gi den frå seg for innpakking…Nylig oppdatert30

Eg må også vise fram dei fine tinga eg har handla i det siste! Desse fine pungane og penalet kjøpte eg hjå ZNdesign. Mykje fint i denne butikken, vel verdt å ta turen innom!

Nylig oppdatert31

Eg fall også pladask for desse eggehønene som eg kjøpte hjå Dottie.Nylig oppdatert32

Og då eg kom heim i kveld såg eg at eg var blant forelskelsane på framsida av Epla i dag ♥  Det er no alltid like kjekt! Tusen takk til Silje med butikken Stingeling!epla_12mars_2011

Tusen takk til alle som kikar innom her hjå meg! Og tusen takk for alle dei søte, fine og gode kommentarane! Eg har ikkje hatt det store overskuddet siste månadane og har difor ikkje klart å svare eller takke kvar enkelt av dykk.. Men de skal vite at eg set uendeleg stor pris på den gode tilbakemeldinga! Eg er så smått i gang igjen her, og håper at eg snart har nye og spanande ting å vise fram til dykk.:)

God helg vidare til alle som er innom ♥

15 kommentarer:

  1. Heisann!
    Så flotte saker du har sydd!
    Var fint det du hadde kjøpt og altså :o)

    Håpe form og overskudd e på vei.
    Vett så altfor godt kor frustrerande det e når kroppen ikkje vil utføre det som hodet så gjerne vil...

    SvarSlett
  2. Hei på deg.
    Vi kjørte helt fra Trondheim i sommer for å besøke Hakallegarden. En lang biltur, men absulutt vært det. Imponerende hva dem har fått til. Ante ikke at dere var slektninger, men jeg kjente igjen de flotte produktene dine oppe på låven.

    Skjønner godt at Alma ikke ville gi fra seg den fine gaven Det kunne også jeg hatt vanskeligheter med :0)

    Ha en riktig fin søndag. Klem fra Christina

    SvarSlett
  3. Har også vore på Hakkallegarden. Flott oppleving!
    Eg fekk ein slik rulle i gåve ein gong, men har ikkje forstått før no kva den skulle brukast til; blyanter, hi, hi!

    SvarSlett
  4. Åååå sånn blyantetui kunne eg også tenke meg!! Fint når eg stadig er på reisefot. Da må tegnesakene vere med. Smil. Det var i alle fall skikkelig flott:)Fine ting du har fått deg også. Og kjekt å sjå at du stadig er på forsida på Epla. Det er eit velfortjent komplement til deg! Klem

    SvarSlett
  5. Superfint blyantetui, det stoffet er så flott.

    SvarSlett
  6. I alle dagar - du var jammen forsvunne ut av bloggrullen min.. Hjelpes! Men no er du trygt på plass igjen! Likar å kikke innom deg, veit du:-)

    Klem til deg

    SvarSlett
  7. Så nyydelig blyantetui og finfin veske!!! Får håpe energien kommer tilbake til deg :)

    Marit

    SvarSlett
  8. For et lekkert blyantetui! Dumpet tilfeldigvis innom bloggen din for første gang, og kunne ikke annet enn å bli følger med en gang - kjempekoselig og inspirernde blogg :)

    Ha en strålende fin uke!

    SvarSlett
  9. Fine saker, alt ihop! Dei hønene fekk meg til å smile - heilt herlege, er dei! :)

    God tysdagskveld!

    SvarSlett
  10. Eg føler meg så heldig av vi fekk det fine etuiet og veska i hus. :-) Marit køyrer rundt med det i sykkelkorga si, og eg er litt misunneleg. Kjekt å vere ilag med dokke som alltid :-) Du, korleis får du til tekst og bilder heilt ut til venstre. Eg finn ikkje ut av det, og fann ut at eg heller spør nokon som har gjort oppdaginga, enn å bruke meir forsketid. klem

    SvarSlett
  11. So fantastisk flott!! Nydelige fargar....forstår godt at Alma nesten ikkje ville gi det frå seg ;) GOD helg :)

    SvarSlett
  12. Fantastisk gave du laga!!! Kan tenke meg de kosa dykk på Hakkalegarden, var der i fjor sommar, og gledar oss STORT til neste besøk :D

    SvarSlett
  13. koko --- kor koselige bilder og ord ....
    Torsdagsklemma fra monika

    SvarSlett
  14. Tusen tusen takk for søte kommentarar ♥

    SvarSlett