Salet i Eplabutikken min, som skulle vare i eit par veker, har nok vorte litt utvida etterkvart… men no er det snart slutt. Frå mandag av er prisane tilbake til normalen. Så då er det berre å nytte sjansen for dei som har lyst.
I kveld har eg vore på ein fantastisk kjekke Krukkedametur igjen! I dag gjekk turen til Hakallegarden, ein fantastisk flotte plass ut mot havet litt nord for Stadt. Vi har kosa oss med god mat, godt selskap og kreative sysslar med perler og ståltråd i nydelege omgjevnader ♥ Ein flott plass å leggje Blåturar eller jobb avslutning! Det er forresten den skjønne svigerinna mi som driv staden saman med mannen. Men eg trur nok eg hadde vore like begeistra same kven som hadde stått bak.. Eg gløymde sjølvsagt kamera, men veit at der vart tatt eindel bilder, så det kjem etterkvart.
Eg håper alle får ei God Påske!
Så deilig med kreativ tur i godt selskap - høres kjempekoselig ut! Og stedet høres flott ut.
SvarSlettØnsker deg en god påske!
Marit
Skjønne du Kristin!!! Ja det var eit veldig kjekt besøk :-) NO gle med oss til dokke kjem i påska
SvarSlettklem
Takk for fine kommentarar!
SvarSlettOg god påske ♥
No er vi straks på veg til Hakallestranda :)
Hei på deg! Snippen har videresendt en AWARD til deg. :)
SvarSlett