tirsdag 12. juli 2011

Klart eg kan!

Vi har fått ei stjerne i familia, ei Nrk Superstjerne:) Ei relativt jordnær ei vel å merke..

Storeguten vår Per er så heldig at han har ei fantastisk tante på Hakallestranda. Då ho vart kontakta av Eva Westvik om innspeling av barne-tv  på Hakallegarden, tenkte ho at Per ville passe bra i hovudrolla.  Det trur eg ho har rett i :)   Han skal vere med i ei av episodene i serien “Klart eg kan”.

030

Per har stått på og her ser du litt av resultatet. Han har måla fleire måleri og laga kunstutstilling slik at han kunne tene pengar og kjøpe ny sele til Bukke-Lars.

037

Mange kom og alle måleria vart selde. Det fargerike måleriet med hjarter på vart til og med selt to gongar!

per_barnetv 006

063

Kanapèar og forfriskningar må ein sjølvsagt ha på ei debututstilling!

092

Her ser du ei anna stjerne. Bukke-Lars er lukkeleg uvitande om kva som er i vente :)

160

Per klarer det meste og dette var jammen ikkje lett!

179

Sjølv om det var filming på gong tok guten seg tid til å plukke ein blomst til mamma.. Denne åt bukken opp litt seinare, men det hadde den jammen fortent ;) Onkel Olav spring framføre med lokkemat.

236

Reid på hest gjorde han også. Her har han teikna ei rask skisse frå då Veina bestemte seg for å ri rett ut i sjøen… Du ser kanskje kva anna ho gjorde der også…

per_barnetv 050

Etter 9 timar med filming er både Eva og Per fornøgde! Per gjorde ein fantastisk innsats, ikkje ei sur mine heile dagen! Han har vore med på eit lite eventyr, som han aldri kjem til å gløyme!

Per kjem nok til å sakne Eva, det er iallefall heilt sikkert ♥

15 kommentarer:

  1. Så kjekt!
    Må tipse om når det kjem på TV!

    God sommar :-)

    SvarSlett
  2. Fantastisk:) GOD sommar til dokke!!

    SvarSlett
  3. Så spennende! Dette blir det nok kjekt barnetv av!

    SvarSlett
  4. Kjempespennende! Gleder meg til å se Per på Tv :)

    SvarSlett
  5. Sååå moro! Når kjem dette på TV? God sommar til deg! Synnøvehelsing

    SvarSlett
  6. Du store verden, verden er jammen ikke stor! Eva er ei veldig god venninne og tidligere kollega av meg. Vi jobbet sammen før hun flyttet hjem til Måløy. Utrolig dyktig og bra dame og en strålende ambassadør for nynorsken akkurat som deg ; ). Jeg skjønner godt at Per kommer til å savne henne. Jeg savner henne stadig vekk selv, vi treffes altfor sjelden i den travle hverdagen på hver vår kant av landet...

    Du må gi lyd når det sendes for dette må jeg få med meg.

    SvarSlett
  7. For ein heldig og flink gut:)Vil tru dette var stas!!!Og so flotte bilder han har mala da.Reine kunstnaren;)
    Gleder oss til han kjem på TV.
    Klem Mette.

    SvarSlett
  8. Så kult! Har det vært på TV ennå, eller? Dette må man få med seg!
    Og det må eg si, bukkeridingen var imponerende greier! ;)

    SvarSlett
  9. Tusen takk for Capris.no-tipset! Då skal eg jammen kjøpe bøkene der! Likar tanken på å handle litt meir "lokalt" enn i utlandet!!!

    SvarSlett
  10. Eg kjem nok til å annonsere på alle baugar og kantar når dette skal skje!! Det skulle eigentleg sendast i haust, men trur kanskje ikkje det vert før til våren.. Gledar meg gjer eg i allefall :)
    Tove: Kjekt å kunne hjelpe! Eg har handla der mykje sjølv og er veldig fornøgd.
    God sommar vidare alle som ein! Det kjem nok eit nytt innlegg her etterkvart..

    SvarSlett
  11. Då er bøkene bestilt og betalt - og det vart billegare enn om eg hadde bestilt frå utlandet!!! Og du; eg meiner at du ein gong la ut ein tekst av ein "salme" som ei venninne av deg hadde skrive. Kan det stemme????? Er det råd å finne teksten/notane, skal tru???

    SvarSlett
  12. Gledar meg til å sjå Per på TV:)
    Kjempekjekt!

    SvarSlett
  13. For ett spennedes og gøyt eventyr for gutten :-)

    SvarSlett
  14. Tusen takk for hyggelig beibihilsen! Det er stor stas med en lillesøster, vi koser oss rett og slett grådig mye!

    Fin helg til deg og dine!

    SvarSlett
  15. Et herlig innlegg fra deg. Dette var morsomt. Tenke seg til. Gutten din er flink. Fine bilder fra en spennende dag

    SvarSlett