lørdag 6. mars 2010
Heldige meg!
I går fekk eg ein spanande pakke i posten.
Ei veninne frå Oslo sende meg fire sengetrekk
frå barndomsheimen sin utanfor Molde.
Nydelege trekk var det! Eg har allereie fleire
idear om kva dei skal brukast til.
Tusen takk Marta : )
Tenkte også eg skulle vise ein liten smakebit frå mitt
siste prosjekt. Vårfuglar i ulike fargar og mønster.
Eg fann eit mønster i boka Tekstil Hobby som eg
gjorde litt om på. Godt å endeleg få brukt litt idear
frå dei uendeleg mange hobbybøkene eg har...
God helg alle saman!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Hei.
SvarSlettJa du er heldig. Du lagar mykje fint.
Har du fått glasprodukta ? Eg leverte dei på Krukkehuset for nokre dagar sidan. Ha ei fin helg.
Veronica
Ja, heldige deg! -og, vårfuglene var skjønne! Enkle og veldig søte allesammen. Du har en inspirerende blogg :-)
SvarSlettSå bra at du vart glad for sengekleda, gler meg til å følgje med og sjå kva du lagar av dei :)
SvarSlettGodt å høyre at du og har din del med hobbybøker. trur forresten eg skal setje meg ned med nokre av mine hobbybøker no som både inspirasjonen og motivasjonen er på topp :)
klem
Hei. Har kika gjennom bloggen din, du har laga utrulig mykje flott :) mvh Mariann
SvarSlettTusen takk skal dokke ha! Kjekt å sjå nye ansikt og namn her :)
SvarSlettVar å henta glastinga i dag Veronica. Det vert høgtidleg opning på torsdag i samla flokk. Mange som er veldig spente på resultatet! Det vert kjekt!
Klem og takk til alle :)