torsdag 15. juli 2010

Kjolar


Siste veka har eg sydd kvart ledige augeblink. Min kjære tok med borna på hytta eit par dagar slik at eg skulle kome i hamn med prosjektet mitt ♥ No heng fleire nye kjolar klare for Krukkehuset.:)
Det vart ingen bileter av dei ferdige kjolane, sidan dei ikkje vart ferdige før langt på kveld. Det får kome seinare. Eg rakk å ta desse bileta før det mørkna tidlegare i kveld. Så de får iallefall ein liten smakebit.

Eg må inrømme at eg har litt dårleg samvit for alle de som har vore innom her hjå meg i det siste og lagt igjen kommentar. Eg likar å ta meg tid til å stikke ein tur innom og sjå korleis de har det, men no dei siste vekene har eg ikkje hatt tid. Eg lovar eg skal ta det igjen om litt når ting roar seg her hjå meg.:)

God sommar alle saman :)

10 kommentarer:

  1. De ser kjempefine ut. Syr du kjoler til voksne også?

    SvarSlett
  2. Så fine!Likte spesielt godt den blårutete med grønt hjerte, de fargene var så nydelige sammen:)Ha en finfin sommerdag:)

    SvarSlett
  3. Å, så fine! Fargar til å verte glad av! ♥

    SvarSlett
  4. Så utrulig mykje fint du lagar! Gleder meg til tur på Krukkehuset. Trur det må bli ein liten engel på meg. Dei er såå nydelige!!

    God sommar:)

    Mola

    SvarSlett
  5. Eg gjorde nettopp ein artig oppdagelse! Eg har gått og grubla på at det er noko som er så kjent med deg, og det er sanneleg ikkje så rart. Eg har jo gått i klasse med deg! :D Eg måtte leite litt i eit hefte med "Parafraser over et kunstverk", og der fann eg deg og kunstverka dine. Takk for sist, får eg vel seie! :)

    SvarSlett
  6. Kor sjønne kjolane er!!! Du er så flink!! God sommar vidare
    Klem

    SvarSlett
  7. Gode, snille og flinke Kristin! Du imponerer stadig! Klem

    SvarSlett
  8. Tusen takk for fine kommentarar :) Det varmar som altid!

    og Haust: tusen takk for sist ja! Det var utruleg artigt! Eg synest navnet ditt virka kjent, men det tenkte eg var fordi det var eit navn i frå 'nærområdet'. Eg har leita som besatt etter parafrase-heftet mitt, men finn det ikkje. Eg hadde det for litt sidan, då eg var midt i maleperioda mi, men no er det søkk vekk... Det dukkar nok oppatt etterkvart reknar eg med.

    Mola-mo: Er du ifrå traktene her du kanskje sidan du kjem ein tur innom Krukkehuset? Kanskje vi sjåast.:)

    MyC design: Eg har ikkje laga kjolar til voksne. Eg har hatt planar om skjørt, men eg ser at tida mi ikkje strekk heilt til. Eg har ei lang liste med planar og idear til ting eg har lyst å lage. Kanskje det vert store kjolar ein dag også.:)

    God sommar vidare alle saman.:)

    SvarSlett
  9. Ops.... Det var visst min kjære sin google konto!!! Eg spøkte med han i går, då han heldt på å leite etter google passordet sitt, om han var tenkt seg inn å kommentere på bloggen min. Ser ut til at det har gått troll i ord ;)

    SvarSlett