lørdag 14. august 2010

Sofa

Sofaen vår treng sårt eit nytt trekk! Vi oppdaga for litt tilbake at den velbrukte Ikeasofaen vår (2 år gamal) hadde gått ut av sortimentet, saman med trekka som vi så gjerne skulle hatt fleire av. Eg var ganske lang i maska der eg stod, på Ikea Åsane, og fekk fortalt at trekka ikkje var å oppdrive! Når vi endeleg hadde kome oss til Ikea (det er eit bra stykke til nermaste Ikea frå der vi bur), eine og åleine for å få nye trekk til sofaen (nesten då, det stod i allefall høgt på lista!), så var der ikkje fleire igjen!
No ser det i midlertid bedre ut for sofaen vår og oss. Forrige veke bestilte eg stoffprøver frå Bemz, og i dag låg dei i postkassa.:) Trur kanskje vi må ha to trekk når vi fyrst er i gang... Det grasgrøne er ein klar favoritt, ganske likt det trekket vi ville ha då vi kjøpte sofaen, men som då hadde gått ut av sortimentet. Når det gjeld trekk nummer to trur eg det må bli enten fuchsia eller petrol. Herleg og fargerikt skal det i allefall bli.:)
God helg alle saman!

4 kommentarer:

  1. Å så skuffande at det var utgått! Håpa det ordna seg. Blir fint med fargerik sofa tenker eg :) Gleda meg til å sjå kor det blir hvis du set resultatet i bloggen :)
    Ha en fin søndag
    Klem

    SvarSlett
  2. Fine farger alle sammen, lykke til med valget:)

    SvarSlett
  3. Mange flotte farger, ikke lett å velge da.

    Lykke til med valget, det blir sikkert flott resultat.

    Hilsen fra Mimmi-Leone

    SvarSlett