Eg har endeleg fått lagt ut nye englar i bloggbutikken min.:) Desse englane heng også på Krukkehuset for dei som er i nerleiken og kan sjå dei der.
tirsdag 28. september 2010
Nye englar i bloggbutikken
fredag 24. september 2010
Engledryss
Dei siste vekene før eg skulle vere med på utstillinga på Bjørke, var det ein heil skare av englar som såg dagens lys. Nokre vart selde på Bjørke, men mange fann vegen til Krukkehuset. Nokre er på plass i Epla-butikken min, og eg vil etterkvart få fleire inn i bloggbutikken. Det er berre å seie frå om du ser noko av interesse.:)
Takk for alle dei koselege kommentarane! Eg set utruleg pris på alt det fine de skriv ♥
God helg til alle som er innom!
mandag 20. september 2010
lørdag 18. september 2010
Pur Glede
For eit par veker sidan var Krukkedamene på tur til Måløy for å besøke Krukkedame Barbro. Det var, som det brukar vere på desse turane, veldig kjekt og sosialt. Barbro hadde diska opp med 5-6 ulike typar pai til oss damene! Nydelig ♥
Etter at vi hadde kosa oss hjå Barbro ei stund, gjekk turen vidare til butikken Pur Glede i sentrum av Måløy.
Her var det mange freistingar for både liten og stor….
Åse som driv Pur Glede lagar dei vakraste smykker.
Ivrige tutter som skal lage øyredobbar til farmor/mormor ♥ Her er mine øyredobbar – ettter litt hjelp frå Åse
Lisje-Alma og store-Alma på veg heim ♥
mandag 13. september 2010
Ein vellukka dag på Bjørke
Det vart ein flott dag på Bjørke i går! Veret var på vår side heldigvis, og dei som var med gjorde ein super jobb! Tusen takk til Marita Bett Jensen som var primus motor bak arrangementet. Ho har gjort ein kjempejobb for å få alt på plass! Bilda her er nok mest av mine ting.. Eg fekk ikkje tatt så mykje bilder sjølv, så mesteparten av desse er det min kjære pappa som har tatt.
Modellane mine var berre superflinke ♥ Skulle ikkje tru det var fyrste gongen dei gjekk på motemoloen!
Ha ei god veke alle saman!