fredag 3. september 2010

Inspirasjon

IMG_1034IMG_1032 IMG_1026 IMG_1027 IMG_1030 Denne veka har vore utruleg fin.:) Eg har hatt flotte dagar på jobb, men det beste av alt var møtet med ei kreativ dame onsdag ettermiddag. Eg har fulgt henne ei stund på bloggen Mola-mo. Onsdag var ho på tur til Ulsteinvik og Krukkehuset, og vi avtalte eit møte der. Du og du kor glad eg er for det!  Vi prata og kosa oss, og i etterkant har eg fløymd over av idear og lyst til å skape. Tusen takk ♥
Nokre av ideane vart sett ut i livet i dag. Eg skulle til Bjørke i dag for å ta bilde i forbindelse med ei motevisning og utstilling eg skal vere med på der, saman med ein gjeng andre kjekke damer.  Dette skjer neste søndag, sjå heimesida til galleri bjørk. Det er Marita Bett Jensen som er pådrivar og som eig denne flotte staden. Eg anbefalar alle som kan til å ta seg ein tur! Fantastisk plass, og ei flotte dame som driv det heile! Sidan mi kjære mor sa ho ville passe lisje-tausa i dag, heiv eg meg rundt i dag tidleg og sydde meg eit skjørt som eg kunne ha på meg på bildet!! Eit par nåler vart det også. Ikkje verst det!
God helg alle saman!

10 kommentarer:

  1. Så kjempe flott det blei!!! Aldeles lekkert :)
    Ha ei fin helg :)
    Klem

    SvarSlett
  2. Så kjekt med bloggmøte da!!
    Og jammen førte inspirasjonen te flotte ting!
    Eg e blitt heilt forelska i brosjene dine :o) Ser ikkje vekk fra at eg komme te å bestilla nåken nei, men eg klare jo ikkje å velga! ;o)

    Det hadde forresten vore kjekt om du hadde kikka innom min Give Away: http://kreativimpulsiv.blogspot.com/2010/09/la-oss-sttta-smykkas-sitt.html

    Eg e generelt veldig imot å reklamere for egen Give Away på denna måten, men det e for ein så god sak at eg lar alle prinsipper fare... :o)

    SvarSlett
  3. nydelige bilder og knallfint skjørt!!
    - gøy med mennesker som innspirerer :)
    god helg!
    Klem Hilde Iren

    SvarSlett
  4. Ååå så god du er! Tusen takk for så gode ord:)Eg har bobla i veg med illustrasjonane mine også. Vi får møtes igjen når det er tomt i inspirasjonskassa- hehe. Kjempeflott skjørt. Der har du noko veldig bra! Så stolt av deg:)
    klem klem

    SvarSlett
  5. Så kjekt at du ville støtta prosjektet!
    Nå blei eg glad :o)

    SvarSlett
  6. Kjempefint skjørt blei det! Nydelege fargar! Høyres spennande ut med utstilling! - bur nok desverre litt for langt unna! - og så artig å møte andre bloggerar:-) Utruleg kjekt å treffe andre med samme interesser!

    Ha ein fin søndag!

    SvarSlett
  7. Den dag kjem aldri... når jeg hiver meg rundt på morgenkvisten og syr meg et skjørt, som attpåtil kan brukes ute i offentligheten!
    Er storlig imponert, men skjønner jo at du er en ordentlig Sydame - og det er hedersbetegnelse rett fra hjertet - så flink du er!

    SvarSlett
  8. Fantastisk!Du er kjempeflink:)Enig med Pafrika altså, du er en skikkelig Sydame med stor S:)

    SvarSlett
  9. Tusen takk for nydelige kommentarar. Vert nesten litt raud i toppen av slikt eg..♥ Vart veldig fornøgd med skjørtet sjølv, så det kjem nok fleire slike etterkvart! No for tida syr eg og syr eg og syr eg. Stikk innom bloggane dykkar, men rekk ikkje alltid å legge att kommentar... Lovar å kome sterkare tilbake seinare!
    God kveld alle saman.:)

    SvarSlett